Søknadsfristen 1. mars for austral-asiatiske kulturstudium

Det nærmar seg søknadsfristen 1. mars for austral-asiatiske kulturstudium! Som den einaste høgskulen i landet tilbyr vi eit halvår i Asia og Australia, med stopp i Malaysia og Singapore, lengre opphald i Brisbane,Australia, Hong Kong, Kyoto og Hiroshima, før vi igjen returnerer til Australia, nærare bestemt Cairns.

Tilbodet går til alle HVO studentar som har teke minst 60 stp ved HVO, og det passar inn i alle utdanningane våre. Vil du vite meir kan du ta ein titt på http://www.hivolda.no/index.php?ID=12891
eller ta kontakt med fagleg ansvarleg Kjell-Arild Madssen eller internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen.

Målet med studiet er å gi ei innføring i viktige sider ved austral-asiatisk kultur. Gjennom studiet får du auka forståing for andre andre kulturer og på den måten få du utvida det faglege perspektiv.  Studiet vil sjølvsagt også gi auka engelsk-kunnskapar. Du kan sjølv vere med å påverke innhaldet i studiet, og kome med innspel til tema.

Sentrale tema i studiet er m.a. australsk kunst og kultur(musikk/litteratur/film/media), religion, historie,
politikk, utdanning og velferd relatert til Australia som eit multikulturelt samfunn.

I Malaysia/Sørøst-Asia vil det bli gitt forelesningar om Malaysia som multikulturelt samfunn, portugisisk/hollandsk/britisk påverknad i regionen.

I Hong Kong blir det bli dratt paralleller til det kinesiske samfunnet i Australia.  Norsk misjon vil stå sentralt.

I Japan vil det bli forelest over emne som haiku-diktning, japansk film, religion og japansk matkultur.  Det tradisjonelle Japan blir presentert gjennom forelesningar og besøk m.a. til Miajima og Kyoto.  I Kyoto skal ein overnatte i tradisjonelle ryokan.  I Tokyo vil det særlig vere det moderne Japan som blir fokusert.

Korleis kome med?
Alt du har å gjere er å sende inn ein motivasjonssøknad
på engelsk til: cw@hivolda.no Søknaden skal vere på om lag 1 side der du fortel litt om kvifor akkurat du bør få delta på dette studiet, kva som motiverer deg og korleis du ser at dette halvåret passar inn i ditt
utdanningsløp.

Det er plass til inntil 30 studentar på studiet.

Del på: