Studentvelferd: Ei god studietid i Volda
På campus i Volda finn du ulike samtaletilbod, kurs i studieteknikk, samt råd og hjelp knytt til mental og fysisk helse. Vi kan også hjelpe deg med kva rettar og plikter du har, og rettleie deg i val du må ta i løpet av studietida.

Treng du nokon å snakke med?
Søk råd og rettleiing hos ein studentrådgjevar, studenthumanist eller studentprest. Det er mykje som skjer i livet igjennom studietida som gjer det fint å ha nokon å tenke høgt saman med! Dei har teieplikt, og tilboda er gratis.
Hjelp knytt til studia
Vi som jobbar på Studentsørvis og i Biblioteket er ekspertar på å rettleie deg dersom du står fast i løpet av studietida. Om du treng ekstra tilrettelegging i studiekvardagen og på eksamen, eller du er usikker på kva rettar du har? Ta kontakt, så hjelper vi deg vidare!
Helse- og velferdstilbod utanom skulen
Som student har du rett på fysisk og psykisk helsehjelp, sjølv om du ikkje har fast adresse i Volda.