Utanlandsprofilering av norsk høgre utdanning

Bjørn Sandnes og Svein Lang frå Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU), besøkte onsdag Høgskulen i Volda for å presentere sitt forslag til utanlandsprofilering av norsk høgre utdanning. – Informasjon er viktig, men skal vi lukkast ute må både Noreg og dei ulike utdanningsinstitusjonane framstå med ein tydeleg profil, sa Svein Lang.

SIU er eit kompetansesenter – eit sørvis- og samarbeidsorgan som skal fremje internasjonalisering, kulturell kommunikasjon og internasjonal mobilitet innan høgre utdanning. Senteret er eit forvaltningsorgan med eige styre, under Utdannings- og forskingsdepartementet. Senteret er nyoppretta frå 1. januar 2004. Det tar opp i seg og byggjer vidare på Universitets- og høgskolerådets Senter for internasjonalt universitetssamarbeid som vart etablert av Det norske universitetsråd, i 1991.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til SIU er å hjelpe universitets- og høgsektoren med å profilere Noreg som utdanningsnasjon og arbeidsland for forskarar, samt drive informasjonsarbeid, rådgjeving og utgreiing.

Profil

For å trekke studentar til Noreg, har no SIU i samarbeid med UH-sektoren utvikla ei kommunikasjonsplattform med m. a. bodskapsstrategiar og visuelt uttrykk.

- Viktige moment i merkevarebygginga av Noreg, i tillegg til natur og friluftsliv, er dei egalitære verdiane, nærheit i vid tyding, små og oversiktlege studiestadar, eit fleksibelt utdanningssystem, retten til utdanningog stor institusjonell autonomi, sa Lang.

 

siu-meld

Bjørn Sandnes (lengst til høgre) og Svein Lang (nr. 2 frå venstre) frå Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) vitja høgskulen onsdag 11. januar.

Av konkrete informasjonstiltak har dei per dato fått utvikla ein eigen nettstad, ein katalog med alle mastergradene i Noreg som har undervisning på engelsk og ei meir generell brosjyre om utdanning i Noreg.

 

siu-kat-meld

 

SIU sine heimesider

Look up. Study in Norway

Del på: