Valregistrering no også på nettet

STiV har endeleg fått til ei løysing slik at ein kan registrere seg som kanditdat til valet ved hjelp av eit elektronisk skjema. Du kan og framleis stille med papirskjema eller e-post.

Meldeskjemaet finn du på www.stilltilval.de.tt.

Du melder deg kun til fem møte i løpet av året, og får samstundes mogelegheit til å vere med på til dømes oppstartseminar i Ålesund og julebord.

Når du i tillegg får det gode samvitet ein får etter å ha gjort ei god gjerning (det er trass alt deg som syt for å oppretthalde og betre studentvilkåra), kan ein trygt seie at det ikkje finst nokon god grunn til ikkje å stille i valet.

Del på: