VEKA 2007 har SLEPPFEST med Bronce Busters-konsert FREDAG
Fredag 26. januar har Veka 2007 Sleppfest på Rokken. - Jentegruppa Bronco Busters kjem for å spele for oss, og, ikkje minst, programmet for Veka 2007 blir offentleggjort, melder PR-gjengen i vekastyret!
- Endeleg får du bekrefta, eller avkrefta, om akkurat DITT favorittband skal spele under Veka!
- Bronco Busters vart starta allereie i 1997 og består av Siri som er vokalist, Anne Liv på trommer og Hedvig på gitar. Dei spelar hardtslåande, breibeint rock som du garantert vil kjenne i mellomgolvet. Bli med på rockekveld på Rokken 26. januar!
Billettpris: 50/80
Billettar kan kjøpast i døra, eller på Rokken si billettbestilling - http://rokken.www2.dk/
Les meir om Bronco Busters på www.broncobusters.com





