Vellukka tur
Om lag 20 studentar var med Natura til Standaleidet sist helg, der dei fekk lære korleis dei skal ferdast i sunnmørsfjella på ein sikker måte.
– Det var ein god gjeng på tur, og fleire var nye studentar. Vi hadde ein flott heildagstur til Nordre Sætretind, der vi diskuterte interessante moment som bratt terreng, lause steinar, snø og korleis ein skal ferdast i terrenget med tau, seier leiar i Natura, Magnus Utsogn.
Naturen på Sunnmøre er fantastisk, men kan vere nådelaus om ein tek unødige sjansar.Vi ønskjer å gjere det vi kan for at studentar skal kunne ferdasttrygt i naturen, og gjennom året vil Natura, HVO og STiV ha ulike tryggingstiltak for å informere om naturen på Sunnmøre.
Turen til Standaleidet var første tiltak med fokus på korleis ein skal ferdast i fjella.
– Fredagskvelden hadde vi det sosialt. Vi slo leir på Standaleidet og hadde med lavvo og telt, laga bål og grilla. Laurdag kom tinderettleiar Ola Einang og gjekk saman med oss til Kvanndalen. Det var ein heildagstur med god stemning og fornøgde studentar. Det viste seg at studentane hadde ulike erfaringar med å ferdast i fjellet. Nokre hadde ikkje vore på Sunnmøre eller i bratt terreng før, og fekk lære mykje nyttig på denne turen, fortel Magnus.


Turglade studentar på tur med Natura sist helg (Foto: Jo Stevenson).
Trass i dårleg vêr var det ein vellukka tur. Frå 30. Januar til 1. februar er det skredkurs, der vurdering, vegval og redning vil stå i fokus.





