Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda

Studentparlamentet er det øvste organet i studentdemokratiet ved Høgskulen i Volda og er av og for studentane. Studentparlamentet fremjar studentane sine interesser og rettar både lokalt og nasjonalt.

Studentparlamentet 26-27!

Vi treng nye, engasjerte studentar som vil gjere ein innsats for å gjere studietida i Volda best mogleg! 

Alle studentar registrert ved Høgskulen i Volda kan stille til val. Ved å stille i valet til Studentparlamentet får du vere med å ytre di meining i viktige saker som påverker studiekvardagen din.

Studentparlamentet har om lag sju møter i året, på onsdagar i demokratitida frå kl. 14:15 i perioden september til april. Møta er opne for alle studentar.

Still til val i Studentparlamentet 2026-27!

Elleve studentrepresentantar og elleve vara skal no veljast inn i Studentparlamentet, og nominasjonsperioden nærmar seg slutten. Fristen for å stille til Studentparlamentet er komande tysdag, 1.september!

Still til val her: https://nettskjema.no/a/635530

Etter valet vil faste representantar og vararepresentantar delta på ei opplæringshelg - 26.-27.september på Hotel Sagafjord på Sæbø (30min unna Volda). Alt er gratis, og busstransport til og frå hotellet er bestilt. Her vil du lære alt du treng å vite om Studentparlamentet og vervet.

Om oss i Studentparlamentet 

Engasjer deg i studentmiljøet!

Nyttige verktøy for deg som student 

Kontakt oss

Kom innom kontoret vårt i første etasje på Berte Kanutte, eller ta kontakt med arbeidsutvalet eller organisasjonskonsulenten vår.  


Tlf: 70 07 51 51
E-post: studentparlamentet@hivolda.no