Sensur, grunngjeving og klage
Kunngjering av sensur
Sensur vert normalt kunngjort i Studentweb, og sensurfristen er 15 arbeidsdagar etter eksamen. For masteroppgåver skal sensuren vere klar seinast seks veker etter innlevering.
Sjå informasjon om karaktersystem, vitnemål og grader.
Grunngjeving
Den som har avlagt eksamen, har rett til å få ei grunngjeving for karakterfastsetjinga av eigen prestasjon, jf. universitets- og høyskoleloven (UH-lova) § 11-8 Rett til begrunnelse for karakter.
Du må be om grunngjeving innan éi veke etter at du fekk kjennskap til karakteren, dvs. frå det tidspunktet karakteren vart kunngjord i Studentweb.
Ved munnleg eksamen eller vurdering av praktiske kunnskapar må krav om grunngjeving framsetjast med ein gong karakteren er kunngjord.
Normal saksbehandlingstid for grunngjevingar er om lag to veker. Du registrerer sjølv søknad om grunngjeving i Studentweb under Resultat - Grunngjeving og klager. Du får varsel på e-post når grunngjevinga er klar, og du finn den då i WISEflow.
Klage på karakter (sensurvedtak)
Fristen for å klage på ein eksamenskarakter er tre veker etter at sensuren vart kunngjord. Vi rår deg til å be om grunngjeving og lese sensorrettleiinga før du eventuelt klagar. Dersom du har bede om grunngjeving, er klagefristen tre veker etter at du har motteke denne. Klaga blir vanlegvis handsama innan éin månad, men merk at sakshandsamingstida normalt vil vere lenger på sommaren. Når resultatet er klart, får du ein e-post om at du kan sjå resultatet i Studentweb.
Dersom ny sensur avviker med to eller fleire karakterar frå opphavelege sensuren, skal det gjerast ei ytterlegare vurdering før endeleg karakter blir fastsett, jf. UH-lova § 11-11.
Det er ikkje høve til å klage på vurderinga ved munnlege eller praktiske eksamenar som ikkje lèt seg etterprøve.
Dersom du har stroke på eksamen og ventar på svar i klagesaka di, skal du melde deg opp til kontinuasjonseksamen i emnet innan oppmeldingsfristen. Det er ikkje mogleg å melde seg opp etter fristen viss du ikkje får medhald i klagen.
Utfyllande informasjon om klagereglement finn du i UH-lova, i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, og retningslinjer for grunngjeving og klage.
Ønskjer du å klage på ein karakter, må du registrere dette i Studentweb via Resultat - Grunngjeving og klager.
Merk: Vedtaket ved klagesensur er endeleg, og du har difor ikkje klagerett, jf. Forvaltningslova § 28, 3. ledd. Vitnemål og karakterutskrifter som er utferda, blir krevde innleverte dersom karakteren blir endra som følgje av klagen. Ved å sende klagen samtykker du i dette. Du har likevel rett til å be om grunngjeving for det nye karakterresultatet. Eit slikt krav må framsetjast innan éi veke etter at det nye sensurvedtaket er kunngjort for studenten, jf. UH-lova § 11-8. Ønskjer du grunngjeving etter klage, må du innan éi veke sende ein e-post til studentsorvis@hivolda.no.
Klage på karakter (sensurvedtak) - praktisk arbeid, Design, kunst og handverk
Etter sensur gjeld følgjande reglar, jf Retningsline for eksamen og sensurarbeid, Pkt. 4.4:
- Studentane får melding frå fagmiljøet i Canvas om tidspunkt for henting av eksamensarbeida.
- Studentane må møte presis til oppsett tidspunkt.
- Om studentar ikkje har høve til å møte skal dette avtalast med lærar på førehand, og studenten skaffar sjølv ein som kan møte for seg.
- Studenten bør sjekke karakteren i Studentweb før hen kjem, og på førehand ha gjort seg opp ei meining om hen vil klage.
- Dersom studenten vil klage på karakter, må hen ta kontakt med lærar som er til stade (går etter 20 min.) slik at eksamensarbeidet vert lagra hjå instituttet.
- Dersom studenten vel å klage må hen følgje regelverket i UH-lova, Kap. 11, § 11-9 og § 11-10, og Retningslinjer for grunngjevingar og klage.
- Dersom eksamensarbeida vert ståande i ulåst rom etter dette hentetidspunktet, mister studenten klageretten.
- Høgskulen i Volda har ikkje ansvar for studenten sitt eksamensarbeid etter ferdig sensur, og tinga vil bli kasta
Klage på formelle feil ved eksamen
Dersom du meiner det har skjedd formelle feil knytt til din eksamen eller prøve (til dømes feil ved oppgåvesett, eksamensavviklinga eller gjennomføringa av vurdering), kan du klage over formelle feil etter UH-lova § 11-9.
Klage på formelle feil skal sendast til postmottak@hivolda.no, og klagen må grunngjevast. Fristen for å klage er tre veker etter at du vart, eller burde ha vore, kjend med den formelle feilen. Dersom klagen ikkje blir teken til følgje, går den vidare til Nemnd for studentsaker ved Høgskulen i Volda.
Om det er skjedd feil som kan ha hatt betydning for din prestasjon under eksamen eller ved vurderinga av denne, skal sensurvedtaket opphevast. Dersom feilen kan rettast opp ved ny sensur, skal det foretakast ny sensur. I motsett fall skal det haldast ny eksamen.
Dersom du har bede om grunngjeving eller registrert klage på karakteren, går fristen for å klage på formelle feil først frå det tidspunktet du har motteke grunngjevinga eller resultatet av klagesensuren.
Klage på enkeltvedtak
Som student har du rett til å klage over enkeltvedtak fatta av Høgskulen i Volda, jf Forvaltningslova § 28. Ikkje alle vedtak som Høgskulen i Volda fattar er enkeltvedtak. Ifølge Forvaltningslova § 2b, er eit enkeltvedtak noko som gjeld rettigheiter eller plikter til ein eller fleire bestemte personar. Det er ikkje høve til å klage på administrative vedtak som til dømes tid og stad for eksamen.
Vedtak kan påklagast innan 3 veker etter mottatt vedtak.
Klage på enkeltvedtak sendast til postmottak@hivolda.no og klagen må grunngjevast. Dersom klagen ikkje vert tatt til følgje vil den gå vidare til Nemnd for studentsaker ved Høgskulen i Volda.
Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no
eller kom innom i opningstida:
måndag-fredag kl. 08.00-15.00
Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset