Retningslinjer

Høgskulen i Volda har gjennom Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda regulert dei ulike fasane av studieløpet. På denne sida finn du regelverk og retningslinjer som forklarar deg som student kva rettar og plikter du har som student ved Høgskulen i Volda.

Ny Lov om universiteter og høyskoler vart iverksett 1. august 2024. I samanheng med den nye lova har Høgskulen i Volda revidert "Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda". Denne blei sett i verk 1.august 2025.

Retningslinjene for opptak, studium, eksamen og sensur, som du finn på denne sida er under oppdatering og vil bli fortløpande oppdaterte for å vere i samsvar med den nye forskrifta. Er du i tvil om noko av innhaldet er endra kan du kontakte Studieadministrasjonen.