Behov for ei frihelg?
Studentsamskipnaden har eit tilbod om helgeavlasting i Røysmarka studentbarnehage. Er du student med born er det kanskje ikkje alltid like enkelt å sette av tid til studieane. Kanskje treng du berre ei frihelg? Du søkje om avlasting gjennom SfS
Studentsamskipnaden har eit tilbod til studentar med små born om avlasting enkelte helgar. Studentar med born i barnehage- og småskulealder kan søke om avlasting to til tre helgar (laurdag - søndag) kvart semester:
16.-17. oktober (påmeldingsfrist 11. oktober)
20.-21. november (påmeldingsfrist 8. november)
Avlastinga held til i Røysmarka studentbarnehage frå kl. 15.00 på laurdag til kl. 14.00 på søndag. Prisen er kr. 200,- pr. helg for første barn, og kr. 100,- for barn nr. to og tre.
Korleis søkje?
Søknadsskjema får du hjå SfS, i studentbarnehagen eller på www.studentsamskipnaden.no. For meir informasjon kan du kontakte studentrådgjevar Ann-Kristin, t: 70 07 51 88/ 992 37 980 eller Studentsamskipnaden t: 70 07 52 40.





