Studentombodet

Studentombodet er ein uavhengig bistandsperson som kan gje deg som student råd om kva rettar du har i høve til studiesituasjonen din på Høgskulen i Volda (HVO). Alle studentar ved HVO kan få hjelp av studentombodet.

Kva kan studentombodet hjelpe deg med?

Studentombodet avgjer ikkje saker, men vil kunne rådgje deg i alle saker som gjeld tilhøve mellom deg som student og HVO.

Typiske saker studentombodet kan hjelpe til med er saker som gjeld:

  • Formell feil på eksamen
  • Avslag på søknadar om t.d. tilrettelegging, utvida studierett, innpass, utveksling med meir
  • Mistanke om fusk
  • Varsling
  • Trakassering

Vidare vil studentombodet kunne rådgje om prosessen vidare i saker, kva dokumentasjon som er viktig, korleis du best fremjar saka di m.m. Du må sjølv fremje saka di, men studentombodet vil kunne bidra med råd om korleis du bør framstille saka.

Rådgjeving kan vere å:

  • gje deg råd om kva rettar du har som student
  • gje deg rettleiing i korleis du kan gå fram med saka di
  • sjå til at saka di er eller blir forsvarleg handsama

Studentombodet kan dessverre ikkje:

  • ta parti eller vere representant for deg i saka di
  • hjelpe deg i saker/situasjonar som ikkje handlar om studiesituasjonen din (spør om du er i tvil)
  • overprøve eller vere klageinstans for ei sak som er avgjort

Kontaktinformasjon

Du kan ringe eller sende tekstmelding til Ole Erik måndag - fredag mellom kl. 9-15.

Du kontaktar studentombodet ved å sende ein e-post til: studentombodet@hivolda.no eller ringe på telefon: 452 69 890.

Mandat for studentombod ved Høgskulen i Volda

  • Studentombodet skal vere ein uavhengig bistandsperson som har som oppgåve å gi studentar ved Høgskulen i Volda råd og hjelp i saker der studentane har teke opp, eller ønskjer/vurderer å ta opp, forhold knytte til studiesituasjonen sin. Studentombodet skal sjå til at sakene får ei forsvarleg og korrekt handsaming, og at rettane til studentane vert ivaretekne.
  • Studentombodet skal bidra til at saker kan løysast nærast der dei oppstår, det vil seie på lågast mogleg nivå i organisasjonen. Ombodet har ikkje sjølv mynde til å avgjere saker, og er heller ikkje klage- eller ankeinstans for saker som er handsama og avgjorde av andre einingar eller avgjerdsorgan ved institusjonen.
  • Studentombodet kan ikkje instruerast i sitt virke.
  • Studentombodet har mynde til å kalle inn til løysingsorienterte møte mellom involverte partar.
  • Studentombodet kan på eige initiativ fremje saker for leiinga ved institusjonen, og vil på denne måten kunne vere ein viktig bidragsytar til å informere om delar av dei interne kontrollsystema ved institusjonen.
  • Studentombodet kan sjølv avgjere om ho/han vil bistå ein student i ei sak eller ikkje. Det skal alltid gjevast ei grunngjeving når ombodet avslår å bistå i ei sak, og avslaget kan ikkje klagast på.
  • Studentombodet har berre innsyn i dokumenta i den enkelte saka i den grad studenten det gjeld har gitt samtykke til innsyn. Studentombodet har teieplikt etter forvaltningslova §§ 13 til 13e.
Dine rettar som student

Som student har du ein god del forskjellige rettar knytt til studiesituasjonen. Samstundes har du ein del plikter som er førande for kva rettar du har - for eksempel plikta til å betale semesteravgift. Dei mest relevante rettane og pliktene dine finn du i universitets- og høgskulelova og i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Nokre andre spesielle rettar for deg som student finn du i lov om studentsamskipnader og i forskrift om studentsamskipnader. For deg som bur i studentbolig gjeld og nokre særlege føresegn i husleigelova.

I tillegg finst det mange generelle lover som gjeld for Høgskulen i Volda og som gjer deg som tenestemottakar rettar i høve til ditt møte med høgskulen. Mellom anna gjeld både forvaltningslova og forvaltningslovforskrifta og offentleglova for høgskulen som forvaltningsorgan. I tillegg gjeld dei tre diskrimineringslovane om opphav, religion og livssyn, tilgjenge og seksuell orientering for alle i samfunnet. Til sist kan det vere verd å nemne at ein del studium ved høgskulen er omfatta av nasjonale fagplanar. I tillegg gjeld det ei nasjonal forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning for utdanningar der ein kan komme i kontakt med svakare stilte personar.

Får du som student problem med tilhøve knytt til din studiesituasjon og synest det er litt mykje å sette seg inn i alt det som er nemnt over, kan du ta kontakt med studentombodet for å få hjelp. Hovudoppgåva til studentombodet er nettopp å gje deg som student råd og rettleiing i saker som har med dine rettar å gjere. Du kan òg ta kontakt med studentombodet om du opplev trakassering eller andre kritikkverdige forhold i samband med studiet.
 

Korleis skrive klage/søknad

Korleis skrive ein god søknad

Korleis skrive ein god klage