Med rause råd for studentlivet slo Moldejazz-sjef og tidlegare Volda-student Endre Volden an tonen for ei stemningsfull opning av studieåret ved Høgskulen i Volda.
Millionstøtte til HVO-satsing på kjønnsbalanse og mangfald
Publisert
Eit prosjekt for betre kjønnsbalanse og meir mangfald ved Høgskulen i Volda (HVO) har fått 1 million kroner frå Forskingsrådet. – No kan vi vidareføre eit viktig og effektivt arbeid ved høgskulen, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
27. februar gjorde HVO stas på dei 26 tilsette som har oppnådd fagleg opprykk i 2022–23. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim var stolt av både innsatsen og det gode resultatet.
No er det stadfesta: Høgskulen i Volda sitt første eigne doktorgradsprogram, Utdanning, språk og kultur, er godkjent av NOKUT. Det nye tilbodet kan vere i gang allereie i 2025.
Torsdag feira Høgskulen i Volda (HVO) ein ny merkedag: opninga av det nyoppussa Hans Strøm-huset. Studenten Maher Othman fekk æra av å klippe snora i lag med ein stolt rektor.
Det er for tidleg å sprette kaka, men Høgskulen i Volda (HVO) får etter alle julemerke godkjent sin første eigne doktorgrad: ph.d. i utdanning, språk og kultur.