Profile picture for user glomkrist

Kristian Glomnes Selon

Seanse

Seniorkonsulent

Kristian er produsent hjå Seanse - senter for kunstproduksjon 

Han jobbar for at barn, unge og andre skal kunne oppleva og uttrykkje seg gjennom kunst på best mogleg måte, ved å arrangere kunstnaropphald, seminar, webinar, kunstverkstader, kunstnartreff, konferansar m.m. Kristian er utdanna dramapedagog frå Høgskulen i Volda og har også utdanning frå NTNU, Handelshøgskulen BI og Noroff. Han ønskjer å styrkja rolla til kunsten i utdanning, helse og samfunnet, og trur på utvikling og samarbeid mellom kunstfeltet og samfunnet generelt. Med forkjærleik for teknologi og ein dramapedagogisk tilnærming ser han mykje samanheng mellom felta, spesielt verdien av fiksjon og rollespel, anten det gjeld i video- dataspel og/eller drama, noko som har resultert i ein webinar serie om gaming på tre delar.

Alle webinara ligg ute i si heilheit og ble gjennomført 2021-22. 

Kristian er også gla i å filme og ta bilder for produksjonane som kjem innom. 
For meir info om Seanse og kva dei held på med, gå til https://www.seanse.no/