Profile picture for user ram

Roar Eilev Amdam

Senior p.løn professor

https://orcid.org/0000-0002-8418-5342

Roar Amdam (f.1951) er doctor agric og professor i samfunnsplanlegging og leiing. Han er no pensjonist, men arbeider i 20 pst stilling på eit forskingsprosjekt. Han har tidlegare vore knytt til Møreforsking Volda som forskar og forskingsleiar. Han har omfattande erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid innan regional- og kommunalforsking samt folkehelse. Han har publisert ei rekke artiklar og fleire bøker. 

Sentrale omgrep i hans forsking er instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, og samarbeidsdriven (kollaborativ) planlegging og innovasjon. Det gjennomgåande temaet er korleis planlegging blir brukt, og kan brukast som reiskap for å styrke organisasjonars og samfunns demokratiske legitimitet og institusjonelle kapasitet.  Konkret inneber det drøfting av kvifor endogene og eksogene krefter må samvirke i samarbeidsdrivne planleggingsprosessar i regionar, kommunar, lokalsamfunn og partnarskapar, drøfting av strategiar for berekraftig utvikling og folkehelsearbeid, samt utvikling og utprøving av ein modell for samarbeidsdriven planlegging som er sett saman av Institusjonell, Strategisk, Taktisk og Operativ planlegging samt Læring. (ISTOL-modellen).

Han bygde opp og leia i 20 år høgskulens mastergradsprogram i samfunnsplanlegging og leiing, og underviste i offentleg organisering, planlegging og leiing. Han innehar ein kompetanse som blir etterspurt både nasjonalt og internasjonalt, og ikkje berre på det området som tradisjonelt blir oppfatta som planlegging, men også innanfor folkehelsearbeid, nærmiljøarbeid og innovasjon. Han er ein etterspurd foredragshaldar.

Han fekk tildelt Høgskulen sin FoU-pris for 2021:

https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/fou-prisen-2021-prisvinnaren-har-verkeleg-sett-spor-etter-seg

 

Han blei 70 år i 2021 og publiserte i den samanhengen to rapportar som samlar og utviklar hans mangeårige forsking på planlegging som styrings- og utviklingsverktøy:

Samskapt berekraft. Ein modell for samarbeidsdriven planlegging og innovasjon som fremmar institusjonell handlingskapasitet og demokratisk legitimitet. Rapport - nr. 115/2022

https://bravo.hivolda.no/hivolda-xmlui/handle/11250/2991502

Kommunal handlingskapasitet. Erfaringar med ein modell for samarbeidsdriven planlegging og innovasjon. Rapport - nr. 112/2021

https://bravo.hivolda.no/hivolda-xmlui/handle/11250/2827480