Utdanningsdagen 2026

Er du usikker på kva du skal gjere etter vidaregåande eller folkehøgskule? Eller veit du akkurat kva du skal? Uansett kva du tenkjer om framtida, inviterer Høgskulen i Volda deg til utdanningsdag 27. oktober. Kom og bli kjend med utdanningane våre, føl litt på livet på campus og snakk med lærarar og studentar på utdanningsdagen.

Studenter som går på campus

Slik blir du klar til utdanningsdagen

  • Nedanfor kan du lese litt om dei ulike fagområda og studieprogramma du kan velje mellom på Utdanningsdagen.
  • Meld deg på digitalt seinast 2. oktober når du har bestemt deg for kva tre postar du har lyst til å besøkje.
  • Deretter får du tilsendt timeplanen for dagen på e-post. Der står òg tidspunkt for oppmøte og kva rom du skal vere i til kvar tid.

Gjer deg kjend med fagområda/studieprogramma våre

Animasjon

Bli betre kjend med utdanningane, studentlivet, campus, lærarar og studentar.

Bachelor i animasjon er ei kunstfagleg utdanning som er internasjonalt kjend. Utdanninga gir deg kompetanse innanfor eit breitt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Du blir kvalifisert for profesjonelt arbeid med til dømes animert kortfilm og bruk av animerte teknikkar i nyhende, informasjon, reklame og underhaldning. 

Les meir i studiekatalogen

Barnehagelærar

Bli betre kjend med utdanningane, studentlivet, campus, lærarar og studentar.

Utdanninga kvalifiserer deg for arbeid som pedagogsk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Kompetansen du får innanfor pedagogikk og leiing er også etterspurt i mange andre yrke. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget, eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er barnehagelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen.


Les meir i studiekatalogen

Grunnskulelærar

Bli betre kjend med utdanningane, studentlivet, campus, lærarar og studentar.

Master i grunnskulelærarutdanning kvalifiserer i første rekkje til arbeid som lektor i grunnskulen. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre skuleslag, ulike leiaroppgåver og yrke der pedagogikk og menneskekunnskap er viktig. Som lærar får du leiarerfaring på ulike nivå som gjer deg attraktiv i arbeidsmarknaden.


Les meir i studiekatalogen

Historie, religion, språk og litteratur

Høgskulen i Volda tilbyr eit stort utval av humanistiske fag. På denne posten får kunnskap om kva moglegheiter desse studia gir deg.

Humanistiske fag omfattar studium innan historie, religion og kultur, språk og litteratur og filosofi.


Les meir i studiekatalogen

Idrett og friluftsliv

Idrett og friluftsliv – aktivitetar inne og ute

Institutt for idrett og friluftsliv inviterer til aktivitetar, utfordringar og opplevingar både inne og ute. Idrett og kroppsøving presenterer sine tilbod på idrettsbygget. Her får du også sjansen til å teste utstyr som måler kraftutvikling og andre spennande aktivitetar. Du vil møte studentar som fortel om kvardagen som idrettsstudent, eit av dei aller kjekkaste studia du kan gå på!

Ute på grusbana og i lærarskuleparken set friluftslivstudentane opp gamme og bålpanne. Her kan du kjenne litt på følelsen av å studere friluftsliv, og kanskje få testa nokre praktiske ferdigheiter som oppfyring av bål, knyte knutar eller teste ekspedisjonstrening med bildekk. Du får også høyre om korleis studentane bruker naturen som læringsarena gjennom turar, friluftsliv og praktisk trening.

Studium innan idrett og friluftsliv kan føre til yrke som lærar, trenar, coach, aktivitetsleiar, naturguide eller arbeid innan folkehelse og fysisk aktivitet.

Friluftsliv, leiing og naturguideutdanninga hos oss er godkjent under den internasjonale standarden til UIMLA (Union of International Mountain Leader Associations) Dette betyr at du mellom anna kan utdanne deg til naturguide og jobbe i inn- og utland.

Enten du trivst best i idrettshallen, på fjellet eller rundt eit bål, får du møte studentar som har gjort interessa si til utdanning og framtidig yrke. Her er det lett å finne inspirasjon til eit aktivt studieliv fylt med opplevingar, fellesskap og meistring.

Les meir i studiekatalogen

Journalistikk

Bli betre kjend med utdanningane, studentlivet, campus, lærarar og studentar.

Høgskulen i Volda har ei av Noregs leiande journalistutdanningar. Kunnskapsrike og kreative journalistar med ei medviten haldning til yrkesrolla si er etterspurde i bransjen. Studentane ved utdanninga får gode praksisplassar i ulike mediebedrifter, noko som kan gi framtidige tilsetjingar.

Ved journalisutdanninga får du bli med inn i redaksjonsmiljøet vårt og sjå korleis studentane arbeider med journalistikk for nett, radio og TV. Studentane våre viser fram studio og fasilitetar, fortel om studiekvardagen og internpraksisen – og viser døme på noko av det dei sjølve har laga. Du får også høyre meir om kva du lærer på journalistikkutdanninga, kva moglegheiter du har undervegs i studiet, og kva slags jobbar utdanninga kan føre til. Og sjølvsagt blir det god tid til spørsmål!"

Les meir i studiekatalogen

Medieproduksjon

Bli betre kjend med utdanningane, studentlivet, campus, lærarar og studentar.

Bachelor i medieproduksjon gir deg breiddekompetanse i audiovisuell produksjon, som kvalifiserer deg for å jobbe med utvikling og produksjon av medieinnhald i ulike sjangrar, på ulike plattformar, som til dømes:

•    Jobbe i produksjonsselskap eller mediehus med produksjon av dokumentarar og/eller kommersiell innhaldsproduksjon.
•    Jobbe i kommunikasjonsavdelinga til ei verksemd eller i ein organisasjon med produksjon av audiovisuelt innhald.
•    Starte eige enkeltpersonsforetak, og produsere audiovisuelle produksjonar på oppdrag frå kundar.

På utdanningsdagen vil bachelorstudentar informerer kort om studiet. Du får sjå eksempel på produksjonar som studentane har laga. Deretter får du prøve praktiske øvingar med kamera i studio. 

Finn ut meir i studiekatalogen

PR, kommunikasjon og media

Bli betre kjend med utdanningane, studentlivet, campus, lærarar og studentar.

Bachelorprogrammet utdannar sjølvstendige, leiande, kreative og kritiske kommunikasjonsmedarbeidarar. Du blir kvalifisert for kommunikasjonsarbeid i alle sektorar i arbeidslivet, samt arbeid innanfor film, journalistikk, sosiale medium, m.m.  

Les meir i studiekatalogen

Samfunnsfag, planlegging og leiing

Vil du lære korleis kommunar, organisasjonar og verksemder fungerer,  og korleis du kan vere med og påverke dei?  Bachelorstudiet i planlegging, administrasjon og leiing gir deg praktisk kunnskap om samarbeid, kommunikasjon, økonomi og korleis ein får ting til å skje i både offentleg og privat sektor.

Du kan ta heile bachelorgraden, eller starte med eit årsstudium i samfunnskunnskap for å prøve ut fagfeltet og få 60 studiepoeng som kan brukast vidare. Etter bachelorstudiet kan du òg gå vidare til masterstudium i Samfunnsplanlegging og leiing.

Dette er eit fagområde for deg som liker å jobbe med folk, ta ansvar og finne gode løysingar. Utdanninga opnar dører til mange typar jobbar, frå administrasjon og kontorarbeid til prosjekt, HR og rådgiving, og utvikling av lokalsamfunn.

På utdanningsdagen vil du først få ein kort informasjon om studieprogramma. Deretter vert yrkesrelatert aktivitet kopla til mobilitet i lokalsamfunn. Her får du vere med på å reflektere over og drøfte kva utforming fysiske omgjevnader har å seie for menneske med ulike funksjonsgrader.

Les meir i studiekatalogen

Sosialfag (barnevernspedagog og sosionom)

Barnevernspedagog

Du  arbeider med barn og ungdom i risiko og sårbare livssituasjonar. Du arbeider for å forebygge kriminalitet, rus og valdsproblematikk blant ungdom. Du gir hjelp og støtte til barn, ungdom og familiar som treng det. Barnevernspedagogar er også der for barn og unge som er utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep.

Barnevernspedagogar arbeider i utekontakt, fengsel, barnevernsinstitusjonar, psykisk helsevern for barn og unge, rusomsorg, skule, fritids- og oppfølgingstilbod og i den kommunale barnevernstenesta.

Sosionom

Du arbeider med menneske som treng hjelp i kvardagen, eller støtte i vanskelege livssituasjonar. Du arbeider for at alle uavhengig av funksjonshindringar, økonomi, rusproblem, psykiske vanskar m.m. skal kunne få eit best muleg liv. For å få til dette samarbeider sosionomar med brukaren sjølv, familiar og andre instansar.

Sosionomar jobbar på NAV kontor, i rus- og psykiske helsetenester, skule, barnevern og andre helse- og omsorgstenester. Du finn også sosionomar i sjukehus, familievernkontor, fengsel og frivillege organisasjonar.

Program:

Barnevernspedagog/førsteamanuensis Reidar Haug og sosionom/høgskulelektor Hilde Langlo fortel om dei to sosialarbeidarutdanningane og dei ulike arbeidsplassane
Vi viser til praksisnære eksempel frå yrkeslivet
Informasjon om praksis – både i Norge og utlandet.

Velkommen!

Les meir i studiekatalogen

Teater, kunst og musikk

Velkomen til teater, kunst og musikk

På denne posten får du oppleve skaparglede, kreativitet og aktivitetar på nært hald. Her kan du utforske verkstader innan design, kunst og handverk, prøve ulike materiale og teknikkar, oppleve musikk og song, og få eit innblikk i korleis ei teaterframsyning blir til både på scena og bak kulissane.

Du får møte studentar som fortel om studiekvardagen, prosjekta dei arbeider med og korleis dei utviklar kreative ferdigheiter som er etterspurde i arbeidslivet. Kulturfag kan opne dører til yrke innan undervisning, kultursektoren, scenekunst, design, formidling, prosjektarbeid og kreative næringar. Mange av studentane samarbeider med profesjonelle aktørar og får erfaring gjennom praktiske prosjekt og produksjonar.

Kom og prøv sjølv, still spørsmål og bli inspirert av eit studiemiljø der idear får utvikle seg og vekse til noko ekte.

Musikk

Lurer du på korleis det er å jobbe i eit musikkstudio, eller vil du utvikle dei musikalske ferdigheitene dine på eit instrument? Er du nyfiken på ulike måtar å lage musikk på, eller drøymer du om ein jobb innan musikkfeltet? På denne workshop-stasjonen får teste ut studiekvardagen og korleis det å jobbe med musikk kan vere. Du får vera kreativ og skapande på våre tre fagstasjonar:

1) Studio session: Utforsk korleis det er å jobbe i eit profesjonelt musikkstudio, både som innspelingsteknikar og utøvar. Du får prøve å spele inn ulike instrument, sjå korleis prosessen med å redigere og mikse eit opptak går føre seg, programmere trommemaskin, samples og virtuelle instrument, med meir!

2) Samspel og lydteknikk: Prøv deg som utøvar eller lydteknikar på ei konsertscene. Vel deg eit instrument og spel saman med studentar og andre besøkande i konsertsalen. Eller sit bak miksepulten og sjå korleis ein lydteknikar formar lyden under ein konsert.

3) Lyddesign og musikkteknologi: Utforsk elektroniske instrument, synthar og unike lydeffektar. Du får eksperimentere med korleis transformere sjølv den raraste lyd om til eit vakkert instrument - og teste pionerteknologi frå 80-talet som nytta tidleg “kunstig intelligens! Du får med andre ord prøve ut måtar å lage musikk på som er litt utanom det vanlege!

Les meir i studiekatalogen

Program

  • 10.00: Velkomen til Høgskulen i Volda!
    Du går av bussen og går til Post1.
  • 10.10–11.10: Post 1
  • 11.10–11.40: Lunsj og utdanningstorg i Kantina i Berte Kanutte-huset.

    Høgskulen spanderer lunsjpakke til alle deltakarar! Denne hentar du i kantina, men du kan setje deg kvar som helst på campus og ete den. Vi har gluten- og laktosefrie alternativ.

    Utdanningstorget i kantina er ope heile dagen! Her møter du studentar og tilsette, og du kan spørje om kva som helst. Til stades på utdanningstorget: internasjonalt kontor, studentorganisasjonar, Rokken, Læringsverkstaden, biblioteket, studieadministrasjonen, velferdsgruppa, med fleire.
  • 11.40–12.40: Post 2
  • Pause. Stikke innom utdanningstorget?
  • 13.00–14.00: Post 3
  • 14.00 og utover til bussane køyrer: Utdanningstorget er ope!

Alle rådgjevarar, lærarar og avdelingsleiarar som også deltar på Utdanningsdagen er hjarteleg velkomne til lunsjsemninar. Tema og lenke til påmeldingsskjema blir lagt ut så snart det er klart.

Velkommen til Volda

Nysgjerrig på korleis det er å studere i Volda? Utforsk utdanningane, campus, studentmiljøet og livet i studiebygda. Bli kjend med folk, fagmiljø og moglegheiter før du bestemmer deg.

Kontaktperson for utdanningsdagane

Torill Engeseth, prosjektleiar.

E: torill.engeseth@hivolda.no.
M: 458 06 705