Anders får jobbe med det han elskar etter å ha studert idrett i Volda

Anders Vatsaas har fått god bruk for idrettsutdanninga si frå Høgskulen i Volda når han i dag har sitt eige føretak innan coaching og jobbar som lærar og handballtrenar.

Anders Vatsaas

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Under her kan du lese Anders Vatsaas si historie frå han starta på årsstudiet i idrett ved Høgskulen i Volda til han tok bacheloren som i dag heiter idrettsvitskap, kroppsøving og helse, og kva han har gjort etter det.

Namnet mitt er Anders Vatsaas, eg er 28 år gamal og kjem frå Volda. Eg starta utdanningsløpet mitt ved Høgskulen i Volda, der eg studerte idrett og kroppsøving. Det som i utgangspunktet skulle vere eit årsstudium, førte etter kvart til ein bachelorgrad. Deretter gjekk vegen vidare til Kristiansand, der eg fullførte ein mastergrad i idrettsvitskap ved Universitetet i Agder.

Brei kompetanse og mange jobbmoglegheiter

Eg har fått ein svært brei kompetanse som gjer at eg har mange jobbmoglegheiter. Etter endt studium har eg jobba som fysisk trenar, lærar og handballtrenar, i tillegg til å ha starta mitt eige føretak innan coaching.

I dag kombinerer eg arbeid som handballtrenar og lærar, samstundes som eg har ansvar for eit prosjekt innan barne- og ungdomshandballen i Agder.

Ved sidan av dette driv eg også med nettbasert coaching, der eg jobbar med alt frå idrettsutøvarar til mannen i gata.

Sosialt og fagleg godt

Det beste med å studere ved Høgskulen i Volda var det sosiale miljøet som vart skapt gjennom ein aktiv og variert studiekvardag. Høgdepunkta var studieturane vi hadde til Bjorli, der vi deltok på alpinkurs og vart svært godt kjende utanom undervisninga.

På studiet hadde vi mange engasjerte og dyktige førelesarar som gjorde undervisninga både spennande og relevant. Samstundes som eg tok utdanninga mi i Volda, jobba eg som trenar i Ørsta handball. For meg var dette ein perfekt måte å kombinere teori og praksis på.

Anbefaler å studere idrett i Volda

Studiet i Volda fekk meg til å innsjå kva retning eg ville ta i arbeidslivet, og det la grunnlaget for den jobbkvardagen eg har i dag.

Eg anbefaler studiet og Høgskulen i Volda på det sterkaste, uavhengig av om ein ønskjer å jobbe som trenar, lærar eller berre lære meir om trening, fysisk aktivitet og helse, samstundes som ein har ein aktiv og sosial studiekvardag.

Del på: