Open dag med skaparglede, rørsle og scenekunst ved Avdeling for kulturfag

Laurdag 28. februar inviterte Avdeling for kulturfag heile Volda til ein levande open dag, der familiar, framtidige studentar og sambygdingar fekk møte fagmiljøa innan design, kunst og handverk, idrett og friluftsliv, musikk, skodespel og scenekunst. Song frå Konsertsalen og dufta av nysteikte sveler skapte ei varm ramme rundt ein dag prega av fellesskap og skaparglede.

Tekst: Liisa Mänd Foto: Liisa Mänd

- oppdatert

Del på:

Vårstemning og utforskartrong i friluft

Ute i lærarskuleparken baud ein solfylt dag på vårstemning og friluftsaktivitetar. Friluftslivstudentane hadde rigga til med telt, gamme og bålpanne, og rundt elden gjekk samtalane lett. Pinnebrødet forsvann raskt – langt raskare enn ekspedisjonstreninga med bildekk, som fekk stå nokså urørt.

Publikum fekk prøve både skredsøkar og ulike ekspedisjonsøvingar, og mange nytta høvet til å stille spørsmål om studiekvardagen. Inne i Kaarstad-bygget heldt engasjementet fram med testing av hopphøgd på kraftplattform, ernæringsquiz og Røris og Let’s Dance på storskjerm.

Dei som stakk turen om idrettsstudentane fekk høyre om den store breidda i alt dei gjer der. Det var også mogleg å teste ulike verktøy dei har i laben sin, som til dømes å måle spenst som vi ser i bildet over her.

Verkstadene som møtestad

I verkstadane ved Institutt for design, kunst og handverk sat menneske i alle aldrar samla rundt arbeidsborda. Nokre forma leire mellom hendene, og andre lét kniven gli gjennom treverket. Lukta av nyspikka tre blanda seg med dufta av nysteikte sveler, medan studentar arbeidde konsentrert med eigne prosjekt og raust delte erfaringar med dei frammøtte. Open dag synleggjorde det som særmerkjer fagmiljøet: prosess, materialforståing og rom for fordjuping. Verkstadane er døgnopne, og studentane får tid og rettleiing til å utvikle eigne idéar frå skisse til ferdig produkt

Sceneglede og medleving

Skodespel og scenekunst baud på framsyningar som fanga både små og store. Studentane leverte med tydelege uttrykk og stort engasjement, og publikum – særleg dei yngste – levde seg med og deltok aktivt. Kanskje sat det nokre framtidige skodespelarar i salen?

I tillegg kunne borna få ansiktsmaling, ta «selfie på filmsett» og prøve seg på kreativ podcasting. Det var rom for både leik og alvor – og for å teste ut nye sider ved seg sjølv i møte med scenekunsten.

Lyd, leik og allsang

I Konsertsalen vart dagen fylt med vakre røyster og engasjerte studentar. Publikum fekk utforske eit enkelt lyd- og straumkrinsløp der plastelina og gummigodteri fungerte som kontaktpunkt – og gjorde kven som helst til musikkskapar. Frå musikkstund for dei minste til konsertar med skulekor og studentband, før ei felles allsongsstund samla publikum og utøvarar. Musikkmiljøet viste kor inkluderande og samlande faget kan vere, både i studiekvardagen og i møte med lokalsamfunnet.

Open dag ved Avdeling for kulturfag vart slik meir enn ei utstilling av studietilbod. Dagen synleggjorde breidda, skapargleda og engasjementet i fagmiljøa – og kor tett studia ved Høgskulen i Volda er knytte til praksis, fellesskap og lokalsamfunn.

– Ved Avdeling for kulturfag får du ei unik blanding av teoretisk innsikt og praktisk erfaring i eit kreativt miljø som er tett kopla på arbeidslivet. Her blir du del av eit nært og inkluderande fagmiljø, og i Volda bur du midt i eit natur- og kulturlandskap som gir moglegheiter til ei aktiv fritid utanom det vanlege.

Dekan Kjetil Laurits Høydal

Del på: