− Det vi kan samle under paraplyen kulturfag, eller praktiske estetiske fag, er blant det breiaste tilbod på høgskulenivå i landet. Dette seier Aud Folkestad, dekan for Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.
Studentbandet Among Colors er ute med musikkvideo for låta "Indefinite". Filmen er produsert og filma av studentar ved Media, IKT og design og dei har med seg skodespelarar frå Drama og teater.
Utstillinga "Objekt i rom" handlar om møte med ting, ting som fortel, gjenbruk, metall og miniatyrar. Sjå litt av det studentane ved formgiving, kunst og handverk stiller ut i Kaarstad-huset.
Til hausten er det oppstart for det nye studiet Naturguide (60 stp). – Det har vore stor interesse for dette tilbodet på Facebook, seier rekrutteringsansvarleg Ann Karene Rasmussen.
Velkomne til eit musikalsk og visuelt fyrverkeri med symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og dansarar frå Ørsta og Volda ballettskule laurdag 24. januar og søndag 25. januar.
Ei nytt offentleg utval som skal gi råd om kva framtidas skule bør innehalde, meiner at kunst- og handverksfaget treng modernisering. BT har eit oppslag der professor Peder Haug og førsteamanuensis Karen Brænne ved Høgskulen i Volda uttalar seg om saka.
Søkinga til idretts- og friluftslivutdanningane ved Høgskulen i Volda viste ein fin auke i 2014. – Søkjarane kjem frå heile landet, og dei som har valt Volda som studiestad legg vekt på høgskulen sitt gode rykte og den fantastiske naturen vi har her, seier førstelektor Frode Sætre ved Seksjon for idrett og friluftsliv.
Velkommen til 2. klasse Bachelor Drama og teater sin eksamensforestilling! “Sjakk Matt” er fritt etter Eugéne Ionescos“Kongen Dør”. Et absurd, komisk og samtidig seriøst stykke.