Avdeling for mediefag

Total 441 results

  • Spel, design og forsking

    Artikkel

    Spel, design og forsking

    Published

    Spelforsking er eit nytt felt i verda, men ikkje i Volda. Sida midt på nittitalet har Torill Mortensen, ein av dei tidlege spelforskarane på den internasjonale arenaen, arbeida med si forsking med base på Avdeling for mediefag. Denne veka legg ho, saman med konferanseleiaren Kristine Jørgensen frå Universitetet i Bergen, til rette for ei samling av spelforskarar frå inn- og utland.

  • To dagar til eksamen, men no er ho på MGP

    Artikkel

    To dagar til eksamen, men no er ho på MGP

    Published

    Journaliststudent Hanne Marie Molde har snart eksamen, men rekk å få med seg Melodi Grand Prix, der ho er friviljug i sørvisdesken, fortel ho til NRK.no. Det er ikkje første gongen ho er der det skjer. Tidlegare i år tok ho del på klimatoppmøtet i København.

  • Korleis fungerer lokalavisene?

    Artikkel

    Korleis fungerer lokalavisene?

    Published

    Høgskolelektor Torgeir Dimmen ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda forskar på lokalaviser. - Dimmen har undersøkt alle dei 145 lokalavisene som kjem ut tre gongar i veka eller sjeldnare. I eit intervju med NRK kommenterer Dimmen mellom anna kva monopolsituasjonen har å seie for samfunnsdebatten i eit lokalsamfunn.

  • Forskingsstøtte til Avdeling for mediefag

    Artikkel

    Forskingsstøtte til Avdeling for mediefag

    Published

    Rådet for anvendt medieforskning (RAM) har tildelt støtte til anvendt medieforsking for 2010. Avdeling for mediefag markerte seg sterkt i kampen om forskingsmidlane og fekk støtte til tre prosjekt.

  • Studentprosjekt på oppdrag frå maritim bransje

    Artikkel

    Studentprosjekt på oppdrag frå maritim bransje

    Published

    Tysdag 27. oktober presenterte studentar på informasjon og medieutdanninga sine prosjektresultat for oppdragsgivarar i den maritime sektoren på Sunnmøre.
    – Eg vil karakterisere disse prosjekta som dei beste som har vore levert av infostudentar i Volda, seier fagansvarleg Jan Arne Halvorsen ved AMF.

  • Animasjonsstudentane viser eksamensfilmar på fredag

    Artikkel

    Animasjonsstudentane viser eksamensfilmar på fredag

    Published

    Fredag kl. 17.00 kan du få med deg fire rykande ferske animasjonsfilmar på Vesle auditorium i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. Eksamensfilmane brukar å hauste internasjonale prisar, heider og ære, og på premierane er det alltid ei spesiell stemning.

  • Styret for dokfilmfestivalen er på plass

    Artikkel

    Styret for dokfilmfestivalen er på plass

    Published

    Styret for Den Norske dokumentarfilmfestivalen 2009 er sett saman av studentar frå fordjupingsstudiet i fjernsynsreportasje og dokumentar, bachelorgradsstudiet i media, IKT og design og bachelorgradsstudiet i journalistikk. – Vi fokuserer sjølvsagt på norsk dokumentarfilm, men vil også ha med nokre godbitar frå andre land, fortel Susann Østigaard, festivalsjef for 2009.

  • Vestad gir ut ordliste i moldedialekta

    Artikkel

    Vestad gir ut ordliste i moldedialekta

    Published

    Høgskulelektor Jon Peder Vestad ved Høgskulen i Volda gir ut Moldeordlista med over 1100 oppslagsord som er eller har vore brukte i rosenes by, Molde. Mediespråkeksperten kommenterer at ordboka passar godt for folk frå Molde, eller for folk som vil forstå dei.

  • Forskarkonferanse: Revolusjonen vil ikkje bli kringkasta?

    Artikkel

    Forskarkonferanse: Revolusjonen vil ikkje bli kringkasta?

    Published

    Høgskulen i Volda arrangerer ein internasjonal forskarkonferanse om forholdet mellom media og protestrørslene i perioden etter 1945. 30 forskarar frå heile verda vil ta del.
    – Konferansen i Volda er ein del av den internasjonale markeringa av 40-årsjubileet for opprørsåret 1968, melder førstelektor Rolf Werenskjold.

  • Voldastudentar webstreamer Lego League

    Artikkel

    Voldastudentar webstreamer Lego League

    Published

    First Lego League (FLL) vert arrangert i Høgskolen i Ålesund sine lokale den 8. november. 24 andreårsstudentar ved Bachelorgradsstudiet i media, IKT og design har førebudd seg i tre veker for å sende levande bilete av arrangementet på internett.