Semestre

DRUSK904 Fordjuping i kvantitative forskingsmetodar

Emnekode: 
DRUSK904
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Doktorgrad
Undervisningssemester: 
2026 Haust
Eksamenssemester: 
2026 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
DRUSK903 Forskingsmetodar
Om emnet

Hovudmålet med emnet er å gjere kandidatane i stand til å svare på forskingsspørsmål gjennom innhenting og analyse av kvantitative data. Gjennom emnet vil kandidaten få inngåande kunnskap om ulike framgangsmåtar i kvantitativ forsking. Moglegheiter og avgrensingar som ligg i dei vanlegaste tilnærmingane innafor samfunnsvitskapleg metode vert særleg vektlagd. I emnet vert det drøfta kva slags problemstillingar ein kan gripe med dei ulike tilnærmingane, korleis tolke resultat og kva føresetnadar som gjeld for ulike typar data eller analyse.

Særleg vekt vil verte lagt på gjennomføring av korrelasjons-, faktor-, og regresjonsanalysar så vel som hypotesetesting. Her vil ein aktivt arbeide med eksisterande datasett og undersøke om dei føresetnadane som gjeld for dei ulike analysemetodane er stetta, samt diskutere og nytte alternative tilnærmingar når det trengst.

Emnet skal gjere kandidatane i stand til å nytte statistiske analysemetodar, samt underbygge og argumentere for eigne val av metodologiske og analytiske tilnærmingar. Utforming av forskingsprosjekt, datainnsamling og utnytting av kvantitative data vert vektlagt. For å sjå samanhengen frå forskingsspørsmål via forskingsdesign, innhenting av data, gjennomføring av statistisk analyse og til resultat, samt vala som er gjorde undervegs, vert fleire aktuelle forskingsprosjekt publiserte i internasjonale fagfelle vurderte tidsskrift gått grundig gjennom. Difor er det ein føresetnad at kandidatane aktivt deltek på seminaropplegget i diskusjonar rundt val og bruk av ulike forskingsmetodar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal ha

  • inngåande kunnskap om fordelar, ulemper samt avgrensingar ved kvantitative forskingsmetodar
  • kunnskap om korleis nytte kvantitative metodar som forskings- og analysemetode
  • kunnskap om relevante omgrep i statistikk og analysar, særleg knytt til korrelasjons-, faktor-, og regresjonsanalyse
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • forstå særpreg og kritisk vurdere styrker og utfordringar med kvantitative forskingsmetoder
  • utføre korrelasjons-, faktor-, og regresjonsanalyse, samt hypotesetesting 
  • velje ut og bruke tenlege kvantitave analysemetodar innanfor eige doktorgradsprosjekt
  • bygge på lærdomen frå kurset til å sjølv å innhente kunnskap om andre statistiske metodar 
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • identifisere og reflektere rundt ulike utfordringar i utvikling av forskingsdesign
  • identifisere sentrale forskingsspørsmål og designe forskingsprosjekt med utgangspunkt i ei kvantitativ metodisk tilnærming i samarbeid med fagfellar
  • presentere og diskutere forskingsresultat basert på kvantitative undersøkingar og metodiske problemstillingar ved eiga og andre si forsking i vitskaplege fora med bakgrunn i statistiske analysar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Samlingsbasert undervisning med veksling mellom førelesningar, seminar, diskusjon, framlegg av kandidatane sine forskingsdesign, gruppediskusjonar, og praktisk gjennomføring av analyser i seminar.

Kandidatane presenterer og diskuterer forskingsdesign og val av statistiske analysemetodar for medkandidatar og faglærar både ut frå eige prosjekt og tidlegare publiserte studiar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 80 % deltaking i all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Arbeidskrav:

  1. Kandidaten skal gjennomføre ein munnleg presentasjon av forskingsprosjekt som er publiserte i fagfellevurderte tidsskrift – med vekt på forskingsmetodar og design.
  2. Kandidaten skal lage ein poster som er basert på eit gjeve datasett. Posteren skal gjere greie for eit tydeleg forskingsspørsmål med tilhøyrande kunnskapsgrunnlag, forskingsdesign, skildre innhenta data, vise statistisk analysar som er utførte og gje ein konklusjon på forskingsspørsmålet. Posteren skal etter avslutninga av emnet leverast inn som eksamensoppgåve.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kim-Daniel Vattøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Utdanning, språk og kultur - ph.d.
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Kandidaten skal levere ein poster som presenterer eige forskingsprosjekt. Denne posteren skal synleggjere forskingsspørsmål, kunnskapsgrunnlag, forskingsdesign og
forskingsmetodar for innsamling og analyse av data.
Posteren skal vere publiserbar slik at han eventuelt seinare kan nyttast i
konferansesamanheng.