Semestre
DRUSK905 Fordjuping i kvalitative metodar
Emnet, som byggjer på DRUSK903 Forskingsmetodar, har som mål fordjuping i kvalitative metodar sine analysestrategiar og forskingstradisjonar. Ut frå ulike tradisjonar som den fenomenologiske, den narrative – og den etnografiske tradisjonen, går emnet djupare inn i analysearbeidet. Ein vil ha fokus på korleis kunnskapsteori og metodologiske føresetnader i dei ulike tradisjonane får konsekvensar for analysearbeidet. Det vert lagt vekt på ulike former for datamateriale samla gjennom ulike typar observasjon, kvalitative samtalar og intervju. I tillegg tek emnet føre seg val av analysestrategi og teoriutvikling på grunnlag av empiri.
Det er eit mål å utvikle deltakarane sine individuelle forskingsferdigheiter på avansert nivå. Emnet vil ha særleg fokus på korleis kandidatane vel ut og bruker kvalitative metodar i møte med eige forskingsmateriale. I tillegg vil ein arbeide med skriftleg framstilling av analyse og kvalitative forskingsresultat.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- meistrar bruksområda for kvalitative metodar
- kan vurdere ulike framgangsmåtar for analyse av kvalitativt forskingsmateriale med forankring i ulike teoretiske perspektiv og tradisjonar
- har omfattande kunnskap om, og innsikt i, metodiske tilnærmingar og kan relatere dei til eige forskingsfelt
Kandidaten
- kan planlegge, utføre og evaluere kvalitativ forsking på høgt internasjonalt nivå
- kan identifisere og utforme forskingstema for detaljert utforsking av eit fenomen
- kan utvikle metodar til eige ph.d.-prosjekt
Kandidaten
- kan utvikle god forståing for sentrale omgrep og aktuelle problem i kvalitativ forsking på eige fagområde
- kan tileigne seg innsikt i komplekse utfordringar innafor kvalitativ forsking
- kan delta i debattar på fagområdet gjennom anerkjente nasjonale og internasjonale kanalar
Emnet har samlingsbasert undervisning med førelesingar, diskusjonar og seminar der kandidatane presenterer og vurderer eigne metodeval i samråd med faglærar og medkandidatar.
Frammøtekrav:
Det er krav om 80 % deltaking i undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Arbeidskrav:
Utkast til fagessay (ein individuell, vitskapleg tekst) om ei avgrensa kvalitativ metodisk problemstilling med relevans for eige ph.d.-prosjekt. Teksten skal beskrive og diskutere kvalitativ metodisk framgangsmåte og argumentere for val ut frå pensumlitteraturen. Teksten skal ha eit omfang på 2000 – 2500 ord. Litteraturliste kjem i tillegg.
Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
- Utdanning, språk og kultur - ph.d.
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 % | Endeleg versjon av teksten som er omtala under arbeidskrav ovanfor. | 3000 ord (+/- 10%). Litteraturliste kjem i tillegg. |