Semestre

DRUSK907 Digital humaniora og utdanning

Emnekode: 
DRUSK907
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Doktorgrad
Undervisningssemester: 
2027 Vår
Eksamenssemester: 
2027 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Digital kompetanse inneber å forstå korleis teknologi, kultur, utdanning og samfunn heng saman og påverkar kvarandre, og digital humanioraforsking er eit veksande felt som kan opne nye område og metodar for kandidatane. Emnet byggjer på nasjonale og internasjonale prosjekt ved Høgskulen i Volda og gjev høve for kandidatane til å knyte sitt eige arbeid til større nettverk.

Kritisk medvit om digitale praksisar står sentralt i kurset, saman med reiskap til å ta del i eit mangfaldig, digitalt samfunn og forskingssamfunn. Emnet vil ta føre seg tema som metodar og teori for digital humanioraforsking på historiske og/eller samtidige tekstar og kjelder, arbeid med digitale forskingsplattformer, kombinere fjernlesing og nærlesingsmetodar og nytte korpusverktøy. For digital utdanningsforsking kan tema vere lærar- og elevrolla i endring ved innføring av nettbrett, kritisk tenking, arbeid med multiple tekstar og utvikling av djupare forståing ved ulike typar tekstarbeid. Det kan også handle om skrive- og leseutvikling ved ulike modalitetar (papir eller digitalt) og korleis nytte kunstig intelligens til utvikling og læring. Der det ligg til rette for det kan kandidatane arbeide med tekstkorpus, databaseutvikling og design og visualisering av forskingsdata.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal ha

  • inngåande kunnskap om ulike tilnærmingar og problemstillingar innafor digital kompetanse
  • omfattande innsikt i teoretiske problemstillingar knytt til digital forsking
  • inngåande kjennskap til digitale forskingsplattformer som er relevante for eige prosjekt
  • omfattande innsikt i korleis historisk, kulturell, ideologisk og politisk kontekst kan prege forskingsdesign og -omgrep
  • inngåande kunnskap om ulike typar analytiske perspektiv og strategiar for kritisk tenking og digitalisering i samfunnet
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • vurdere korleis digitalisering i samfunnet kan påverke og endre måten samfunnsborgarar handsamar ulike informasjonskjelder og digitale verktøy
  • gjere seg nytte av relevant teori for digital forsking i eige fagfelt
  • bruke relevante metodar for digital forsking i eige arbeid og på høgt fagleg nivå
  • samarbeide med andre forskarar om felles nasjonale og internasjonale digitale prosjekt
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • gjennomføre forskingsmetodisk arbeid med etisk medvit og fagleg integritet
  • formidle fagfeltet i internasjonale fora
  • handsame komplekse forskingstilnærmingar og metodiske spørsmål
  • utvikle gode forskingsstrategiar for eige arbeid og kritisk vurdere eigne og andre sine prosjekt og publiseringar innafor fagområdet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Nettbasert undervisning med veksling mellom førelesingar, diskusjonar og kandidatframlegg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 80 % deltaking i undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Arbeidskrav:

  1. Kandidaten gjev ein munnleg presentasjon av utkast til fagessay med relevans for eige ph.d.-prosjekt. Presentasjonen skal ha eit omfang på om lag 20 minutt.
  2. Kandidaten skal levere utkast til fagessay med ei avgrensa problemstilling med relevans for eige ph.d.-prosjekt. Teksten skal beskrive og argumentere for val av digital metode og teori basert på ein kombinasjon av pensumlitteratur og relevant valfri litteratur. Endeleg versjon skal leverast til sluttvurdering i emnet.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Wenke Mork Rogne
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Utdanning, språk og kultur - ph.d.
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Fagessay
3500-4000 ord, inkludert litteraturliste.