Semestre
- 2027 Haust
- 2026 Haust
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
MEV221 Medievitskap 3 – Frå fag til forsking: Korleis analysere medium
- PR, kommunikasjon og media: INF131, MEV121/MEV131 og MEV123/MEV132
- Medieproduksjon: MPRO112, MEV120 og MEV123/MEV132
- Journalistikk: JOU213, MEV121 og MEV123/MEV132
Emnet gir ei breiare innføring i medie- og kommunikasjonsteori frå humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv. Studentane får innføring i sentrale teoriar og metodar for å analysere innhaldet, makta og samfunnsrolla til media. Emnet omfattar eit felles kjernepensum og ei sjølvstendig fordjupingsoppgåve.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om teoriar, omgrep og metodar som blir brukte i medievitskapleg analyse
- har kunnskap om korleis media sitt innhald, makt og samfunnsrolle kan analyserast frå humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv
Studenten:
- har utvikla ferdigheiter innanfor akademisk oppgåveskriving og vere i stand til å nytte ulike teoretiske verktøy for å analysere medium
- kan skrive tekstar av eit visst omfang basert på eiga forsking innanfor gitte tidsrammer, samt ha lært å reflektere kritisk over eige arbeid og kunne justere dette under fagleg rettleiing
Studenten:
- kan reflektere kritisk over teoretiske, metodiske og analytiske val
- kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig akademisk arbeid
Emnet er basert på førelesingar, sjølvstudium, rettleiing og sjølvstendig arbeid med ei fordjupingsoppgåve.
Ei godkjend prosjektskisse på om lag 500 ord. Skissa skal innehalde arbeidstittel, førebels problemstilling, grunngjeving for tema, aktuelt materiale og førebelse val av teori og metode.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Journalistikk - bachelor
- Medieproduksjon - bachelor
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det blir sett ein førebels karakter på semesteroppgåva. | Oppgåva skal vere på om lag 5 000 ord, i tillegg til litteraturliste og eventuelle vedlegg. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Justerande munnleg eksamen med utgangspunkt i semesteroppgåva og pensum i emnet. |