Semestre

MEV221 Medievitskap 3 – Frå fag til forsking: Korleis analysere medium

Emnekode: 
MEV221
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2027 Haust
Eksamenssemester: 
2027 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar
  • PR, kommunikasjon og media: INF131, MEV121/MEV131 og MEV123/MEV132
  • Medieproduksjon: MPRO112, MEV120 og MEV123/MEV132
  • Journalistikk: JOU213, MEV121 og MEV123/MEV132
Om emnet

Emnet gir ei breiare innføring i medie- og kommunikasjonsteori frå humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv. Studentane får innføring i sentrale teoriar og metodar for å analysere innhaldet, makta og samfunnsrolla til media. Emnet omfattar eit felles kjernepensum og ei sjølvstendig fordjupingsoppgåve.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskap om teoriar, omgrep og metodar som blir brukte i medievitskapleg analyse
  • har kunnskap om korleis media sitt innhald, makt og samfunnsrolle kan analyserast frå humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv
Ferdigheiter

Studenten:

  • har utvikla ferdigheiter innanfor akademisk oppgåveskriving og vere i stand til å nytte ulike teoretiske verktøy for å analysere medium
  • kan skrive tekstar av eit visst omfang basert på eiga forsking innanfor gitte tidsrammer, samt ha lært å reflektere kritisk over eige arbeid og kunne justere dette under fagleg rettleiing
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan reflektere kritisk over teoretiske, metodiske og analytiske val
  • kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig akademisk arbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er basert på førelesingar, sjølvstudium, rettleiing og sjølvstendig arbeid med ei fordjupingsoppgåve.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ei godkjend prosjektskisse på om lag 500 ord. Skissa skal innehalde arbeidstittel, førebels problemstilling, grunngjeving for tema, aktuelt materiale og førebelse val av teori og metode.

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
170
Emneansvarleg: 
Erling Sivertsen
Kristian Fuglseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
  • Medieproduksjon - bachelor
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir sett ein førebels karakter på semesteroppgåva.
Oppgåva skal vere på om lag 5 000 ord, i tillegg til litteraturliste og eventuelle vedlegg.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Justerande munnleg eksamen med utgangspunkt i semesteroppgåva og pensum i emnet.
Godkjent av: 
Kate Kartveit