Semestre
MGL5-10KR1 Kroppsøving 1
Ingen.
Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving frå 5. trinn og ut grunnskulen.
Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.
Studenten skal tileigne seg kunnskap om og erfaring med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 5-10. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.
Det vert lagt vekt på undervisningskompetanse i kroppsøvingsaktivitetar, og at faget har eit særleg ansvar for allsidig kroppsleg læring og oppleving. Tilrettelegging for bevegelse og kroppsleg læring, deltaking og samspel og bevegelsesaktivitetar, uteaktivitet og naturferdsel står sentralt.
Emnet bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing, helse og bevegelsesglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap
om kroppsøvingsfaget sin eigenart, mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir deg som kroppsøvingslærar
om læringsstrategiar, arbeidsmetodar, vurderingsformer og tilpassa opplæring i faget
og erfaring med å planlegge, grunngi, legge til rette for, tilpasse, gjennomføre og evaluere undervising i faget
om ulike teoriar og perspektiv knytt til motorisk utvikling hos barn og unge
om omgjevnadane si betydning for læring av bevegelsar
om symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn
om reglar og prinsipp i utvalde aktivitetar
Kandidaten kan
planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i kroppsøvingsfaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
bruke varierte metodar i undervisninga, differensiere og tilpasse undervisninga slik at den tek omsyn til mangfald i elevgruppa og elevanes evne til kritisk tenking
leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar gjennom varierte aktivitetar
gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
anvende utvalde observasjonsmetodar i kartlegging av barn og unges motorikk
utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte bevegelsesaktivitetar med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon
utføre og gi opplæring i symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn
vurdere risiko og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
Kandidaten
kan formidle fagdidaktiske problemstillingar og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål
kan vurdere ulike bevegelsesaktivitetar og miljø
kan bruke digitale verktøy som motivasjon for læring
Emnet kombinerer praktisk aktivitet og teoriundervisnig.
Det vert brukt varierte læringsformer som praktisk undervisning, studentaktiv læring, forelesningar og digitale læringsressurser.
Emnet vil bestå av fleire delkurs.
Det er krav om aktiv deltaking i alle læringsaktivitetar.
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kvart delkurs. Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Obligatorisk undervisning kjem fram av kursplanane.
Arbeidskrav:
Godkjent(e) PMO oppgåve(r) + 7 arbeidskrav i utvalde kurs. Les meir om arbeidskrav i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
400kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Fagdidaktikk | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Motorisk læring og bevegelse |