Semestre

NO206 Litteratur og teknologi

Emnekode: 
NO206
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2027 Vår
Eksamenssemester: 
2027 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

30 studiepoeng frå to grunnemne i norsk (nordisk), NO113S/NO103N og NO114S/NO104N, eller tilsvarande etter søknad.

Om emnet

I fordjupingsemnet Litteratur og teknologi ser vi nærare på korleis den teknologiske utviklinga i nyare tid blir behandla i eit utval skjønnlitteratur og sakprosa frå 1900 til i dag. Sentralt i dette emnet står relasjonane mellom menneske, teknologi og samfunn i ulike konstellasjonar. Pensum er sett saman av eit utval skjønnlitteratur og sakprosa der dette kjem til uttrykk på ulike måtar både i motiv, tema og form. I tillegg kjem eit utval relevant teori. Emnet kan takast som del av bachelorgraden i språk og litteratur. Emnet kan også takast som ein del av fordjupingsstudiet i norsk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

  • Korleis relasjonen mellom menneske, teknologi og samfunn blir behandla i eit utval skjønnlitteratur og sakprosa på 1900-talet og 2000-talet
  • Relevant teori om litteratur og teknologi
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • bruke desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
  • utforme analysar i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvsing i vitskapleg framstilling
Generell kompetanse

Studenten kan:

  • bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar, individuell rettleiing og ei samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Deltaking på samlinga er obligatorisk. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve om eitt av pensumverka på om lag 2000 ord (5 sider).

Arbeidskrav:

  •  I starten av semesteret skal studenten sjølv velje emne (sjå pensumlista for informasjon om kva verk ein kan velje mellom) og formulere eit forslag til problemstilling, aktuell teori og sekundærlitteratur og gjerne ein grov disposisjon. Dette skal godkjennast av rettleiar.
     
  •  Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Det er høve til å levere eit siste utkast for rettleiing innan ein fastsett frist. Denne innleveringa er frivillig.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
2
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Anemari Neple
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten vel fritt målform på oppgåva.
6000 ord
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Oppgåva må vere greidd for å gå opp til munnleg justering av karakteren på oppgåva.