Semestre
PPUD-PED1 Pedagogikk 1
Pedagogikk i praktisk pedagogisk utdanning deltid går over eitt studieår med oppstart om hausten. Emnet utgjer 15 studiepoeng.
For infomasjon om dei andre emna i PPU, sjå studieplanen: https://www.hivolda.no/studietilbod/praktisk-pedagogisk-utdanning-allmen...
Emnet er organisert i fire modular, desse er:
- Lærarrolla og klasseleiing
- Læring og motivasjon
- Psykososialt læringsmiljø
- Skulen som organisasjon
I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet.
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- kjenner sentrale styringsdokument for skulen si verksemd
- har inngåande kunnskap om korleis leie elevane si læring og fremje sjølvregulert læring
- kjenner ulike former for vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon
- kjenner til observasjon som metode i pedagogisk arbeid
- har kunnskap om korleis ein skaper eit godt psykososialt miljø og livsmeistring i skulen, og kvifor dette er viktig for læring
- har god kjennskap til skulen som organisasjon, korleis skulen fungerer, kan utviklast og endrast
Kandidaten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
- brukar og viser til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid
- kan leie, rettleie og motivere elevar og legge til rette for meistring for alle
- kan skape gode psykososiale læringsmiljø, førebygge og handtere brot på retten til eit trygt og godt læringsmiljø
- kan arbeide proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderande fellesskap som fremjar trivsel og læring for alle
- kan bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer til barnets beste
Kandidaten
- kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte disse kritisk i lys av teoretisk og erfaringsbasert kunnskap for å utvikle sin eigen praksis
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i tråd med relevante styringsdokument
- kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
- kan bygge gode relasjonar med elevane, og skape ein god kultur for læring i elevgruppa, samt identifisere særskilde behov
Emnet er er eit nett- og samlingsbasert studium som går over fire semester.
Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse blir danna gjennom både teoretiske studium og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar. Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som vert nytta gjennom året.Samansetjing av gruppene blir bestemt av emneansvarleg.
Studentane må ha tilgang på utsyr for å delta i digital undervisning, PC med nettilgang samt kamera, mikrofon og høgtalar.
- Studenten skal vere til stades på minimum 80% av undervisninga.
- Alle arbeidskrav må vere godkjende.
- Vilkår for å fremstille seg til eksamen i fagdidaktikkemne 1 må være oppfylt.
- Må vere i gang med PPUD-PRA1
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
Skriftleg refleksjonsoppgåve. Omfang 2000 ord +/- 10%.
Munnleg presentasjon av fagstoff henta frå PPUD PED1. Studentane skal gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2.
Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend.
Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 45 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Tverrfagleg munnleg eksamen |