Info til alle

Total 671 results

  • På messe med ny stand og studiekatalog.

    Artikkel

    På messe med ny stand og studiekatalog.

    Publisert

    Informasjonskontoret er i desse dagar på den store utdanningsmessa Utdanning og Yrke i Oslo Spektrum. Med seg har dei to studentar, Andreas Sundby (kroppsøving) og Synnøve Haug (skiutdanninga), for å representere studiestaden og studietilboda ved Høgskulen i Volda.

  • Høgskulens julekonsert

    Artikkel

    Høgskulens julekonsert

    Publisert

    Julekonsert i Volda kyrkje, torsdag 6.desember kl. 19.30 med
    Høgskulekoret, Symfoniorkesteret, studentar og lærarar. (Gratis)

  • Petter Løvik har gått bort

    Artikkel

    Petter Løvik har gått bort

    Publisert

    Petter Løvik gjekk bort i går kveld, 58 år gammal. Løvik var utdanna siviløkonom og har vore knytt til høgskulen frå 1976 til han vart valt inn på Stortinget i 1997. I perioden 1976 til 1985 var han timelærar/vikar i økonomiske fag. Frå 1988 til 1997 var han amanuensis ved Institutt for planlegging og administrasjon.

  • Fagerli Sæthren lagar dokkefilmstudio

    Artikkel

    Fagerli Sæthren lagar dokkefilmstudio

    Publisert

    Linda Fagerli Sæthren, tidlegare student og tilsett ved animasjonslinja ved Høgskulen i Volda, er no i gang med å lage eit studio for dokkefilmar på Telebygget i Volda sentrum.

  • Studietur til Spania til våren: Ny runde med Livsløp, velferd og planlegging

    Artikkel

    Studietur til Spania til våren: Ny runde med Livsløp, velferd og planlegging

    Publisert

    Med oppstart i januar er det klart for ei ny runde med deltidsstudiet ”Livsløp, velferd og planlegging”. Emnet kan takast som sjølvstendig vidareutdanning, eller som valfritt emne i Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing eller Mastergrad i helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda.

  • Messias-konsert i Volda Kyrkje, laurdag kl. 18.00

    Artikkel

    Messias-konsert i Volda Kyrkje, laurdag kl. 18.00

    Publisert

    Komande helg blir storverket Messias av G.F. Händel å høyre i Volda kyrkje. Det er Koret ved Høgskulen i Volda med dirigent Leif Barmen som tek dette løftet.

  • Haikudikt om menneske og naturen

    Artikkel

    Haikudikt om menneske og naturen

    Publisert

    Det er greitt å vera i skuggane så lenge me er på veg bort frå dei. Dette kan ein lesa i den nye diktsamlinga ”Frå skuggane” av Jan Ove Ulstein. - Dikta prøver å fange opp ei stemning i korte ordelag, slik som haikudikt, fortel Ulstein.

  • Statsbudsjettet 2008: To nye stipendiatstillingar, men nedgang total

    Artikkel

    Statsbudsjettet 2008: To nye stipendiatstillingar, men nedgang total

    Publisert

    - Det nye statsbudsjettet gir ingen løft for Høgskulen i Volda, stort sett berre kompensasjon for lønns- og prisauke, kommenterer rektor Jørgen Amdam. Vi får rett nok to nye stipendiatstillingar, men realnedgang i totalramma.

  • Førehandsrøysting for studentar

    Artikkel

    Førehandsrøysting for studentar

    Publisert

    Er du student ved Høgskulen i Volda, bør du merke deg følgjande. Dersom du ikkje har høve til å møte fram i vallokalet måndag 10. september, kan du røyste på førehand.

    Det vert høve til å førehandsrøyste ved Høgskulen i Volda onsdag 5. september kl. 10.30 – 14.30. På Volda rådhus vert det mottak av førehandsrøyster alle kvardagar frå kl. 09.00 – 15.00.