Karrieredagane 2021, eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda, skal gi elevar på 10. trinn i grunnskulen informasjon om regionalt næringsliv og utdanning i eigen region.
Den verdskjende britiske filmregissøren Tony Palmer kjem til Volda i samband med Sunnmøre kammermusikkfestival 5. – 11. september. Palmer vil mellom anna vise filmen «Once, at a Border…», ein film om Igor Stravinskij. Han skal også vise filmar for mediestudentar ved høgskulen og elevar ved Volda vidaregåande skule.
Temanummer om østeuropeisk film under den kalde krigen
Publisert
Professor Rolf Werenskjold er sammen med professorene Tobias Hochscherf og Bjørn Sørenssen gjesteredaktører for et eget temanummer av Historical Journal of Film, Radio and Television. Tittelen på temanummeret er «Dissent and Dissidents in Central and Eastern European Film» og det ble publisert online denne uken.
Dei nynorske festspela opnar i dag 10. juni. – Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda yter viktige bidrag både i årets program og arrangementet elles, seier festivalprodusent Mathias Vasbotn Remmereit. I tillegg til mange flotte postar på festspelprogrammet, kan publikum også sjå filmar frå Kortfilmfestivalen i Grimstad på Volda filmteater.
Høgskulen i Volda opnar no for opptak til ledige plassar i ordninga Kompetanse for kvalitet. – Tilboda har ikkje studieavgift, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Festspelseminar om minoritetsspråk, bibelomsetjing og litteratur
Publisert
I samband med hundreårsjubiléet for den første bibelomsetjinga til nynorsk inviterer Høgskulen i Volda og Dei nynorske festspela til eit fagleg seminar måndag 14. juni 2021.
Til hausten er det 50 år sidan starten av sosialarbeidarutdanningane i Volda. grunna uavklarte Koronaretningslinjer må Jubileumsseminaret som var planlagt avhalde 21-21. oktober 21, utsetjast. Ein tenker seminaret gjennomført i midten av mars 2022, men vil kome tilbake til endelege datoar når dette er bestemt.
Høgskulen i Volda (HVO) skal 20.-21. april arrangere ITS Volda-konferansen, ein internasjonal konferanse for lærarstudentar i Volda og ved nokre av våre europeiske partnarhøgskular. Tema i år er korleis skular og høgre utdanning har takla pandemien.
Utdanningsdirektoratet har laga digitale kompetansepakkar som skal støtte skuleleiarar og lærarar i arbeidet med å ta i bruk nytt læreplanverk i skulen. Kompetansepakken «Musikk 1- 10 Programmering og algoritmisk tenking» er utvikla ved Høgskulen i Volda.
I emnet «Utøving og formidling» skal studentane ved bachelorutdanninga i musikk øve seg på å arrangere ulike musikkaktivitetar. Eit slikt tiltak er huskonsertane i konsertsalen der musikkstudentane også får vist seg fram som vokalistar og instrumentalistar.