Lærarutdanninga i Volda er 150 år. Blir det nye 20 år?
Publisert
– Spørsmålet er ikkje berre retorikk, seier førsteamanuensis Kjell-Arild Madssen. Han ser mange krevjande og urovekkande utfordringar knytt til den nye lærarutdanninga. I samband med 150-årsjubileet lærarutdanninga i Volda inviterer difor utdanninga til seminaret «Har vi lærarutdanning i Volda om 20 år?» torsdag 24. november.Om kvelden blir det festmiddag.
Invitasjon: Skulering i avanserte pedagogiske forskingskingsmetodar
Publisert
– Stipendiatar og andre tilsette ved HVO som driv pedagogisk forsking, er i februar 2012 inviterte til Universitetet i Göteborg, saman med forskarar frå andre høgskular og universitet, til «Vårskule» i avanserte forskingsmetodar for årsaksanalyse, opplyser professor Rune Kvalsund ved Institutt for sosialfag.
27, oktober blir det fokus på forsking og utviklingsarbeid innan Musikkterapifeltet. Det vil handle om kordeltaking for pensjonistar, arbeid med musikkterapi på sjukeheimar, Samfunnsmusikkterapi og lyrikk og musikk i spesialpedagogisk verksemd. Førelesningane er eit samarbeid mellom Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for kulturfag. På programmet står m.a. professor i musikkterapi ved Griegakademiet Brynjulf Stige PhD og lyrikar Geir Brekke
Rettferdig standpunktvurdering- på grensa til det mulege?
Publisert
Lærarar har ulike oppfatningar av kva grunnlaget for rettferdig standpunktvurdering bør vere, og praksis varierer mellom lærarar og mellom fag. Det syner eit forskingsprosjekt i regi av NIFU STEP om standpunktkaraktersetjinga til lærarar. Onsdag 12. oktober inviterer Vurderingsgruppa ved Høgskulen i Volda til seminaret Rettferdig standpunktvurdering- på grensa til det mulege med Tine S. Prøitz?
Ny bok: Language and Literacy in Early Scandinavia and Beyond
Publisert
Professor Michael Schulte ved Institutt for språk og litteratur, lanserer den 27. september boka «Language and Literacy in Early Scandinavia and Beyond» på den internasjonale Skandinavistikk-kongressen ATDS i Wien.
AnimationVolda tjuvstartar i dag med vising av industrianimasjonsfilmar frå Norden og Baltikum på Volda turisthotell kl. 19.00. Ulstein Group og Kleven Maritime har gitt 20.000 i pengepremiar til dei beste filmane.
Animasjonsfestivalen i Volda med fokus på industrianimasjon
Publisert
Høgskulen i Volda og Vestnorsk Filmsenter set fokus på bruken av animasjon i ulike former for oppdragsfilm i samband med årets utgåve av animasjonsfilmfestivalen AnimationVolda - Vi arrangerer også i år eit eige seminar og konkurranse om industrianimasjon, melder Gunnar Strøm ved animasjonsutdanninga.
Kling, klang lyder det frå skuleklokka ein klår augustmorgon. Det minner oss om at nok eit skuleår er i gong. Sidan 1922 har klokka, frå spiret på den klassiske lærarskulebygningen, kalla på «læresveinar» av ymist slag i skulebygda Volda.
Animasjonsfilmfestivalen Animation Volda blir arrangert for 5. gong 15.- 17. september. I år er temaet animasjon og musikk, og blant dei mange spennande internasjonale gjestane er skaparane av musikkvideoen til ”Take on Me” av A-Ha.
Per Halse har fått gitt ut doktoravhandlinga si i redusert og folkeleg utgåve. Boka, "Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål. " i serien Krkjefag Profil frå Tapir Akademisk forlag, vert lansert torsdag 26. mai kl. 12.00 i rom 158 i Berte Kanutte-huset.