Onsdag 7. april kjem overlege Audun Myskja til Volda. Myskja har i mange år jobba med ”den musiske medisin” og for få dagar sidan blei han, som den første lege i Skandinavia, sertifisert som nevrologisk musikkterapeut.
Måndag 22. mars kjem Anne Sofie Roald til Høgskulen i Volda for å halde ei open forelesing om muslimar i Noreg og med særleg fokus på barnehagar og skular.
Møteplassar er viktige for gjensidig utveksling av kunnskap. Denne dagen kan tilsette i NAV, studentar, høgskuletilsette og andre interesserte møtast for dialog og fagleg diskusjon rundt spørsmål om kunnskapsforståing og yrkesutøving når rammevilkår endrar seg.
Torsdag vart den tredje fagkonferansen i spesialpedagogikk, Spesialpedagogen si rolle i ein inkluderande skule og barnehage, halde ved Høgskulen i Volda. Både noverande og tidlegare studentar samt deltakarar frå Utdanningsforbundet, BUP, PPT, skule og barnehage var til stades for fagleg påfyll.
Nærare sju hundre tilsette i alle dei seksti barnehagane i kommunane Hareid, Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda var måndag 5.oktober samla i Herøy kulturhus / Herøyhallen for å markere avslutninga på utviklingsarbeid dei har arbeidd med det siste året.
Torsdag 1. oktober går den tredje fagkonferansen i Spesialpedagogikk av stabelen: Spesialpedagogen si rolle i ein inkluderande skule og barnehage. -Vi ønskjer å sette fokus på utfordingar knytt til møtet mellom spesialpedagogen sin faglege forankring, - og forståing og praktisering av inkludering som overordna prinsipp for pedagogisk verksemd, seier prosjektleiar Aase Bjørg Alme.
Ope seminar: Effektiv kommunikasjon i nedgangstider
Publisert
Den amerikanske professoren Carl Botan frå George Mason University i USA gjesta Volda i 2007. No er det duka for eit gjensyn med den prisvinnande professoren når informasjonsutdanninga i Volda inviterer til eit ope seminar om kommunikasjon i krisetider torsdag 30. april.
Eit arbeidsutval ved Høgskulen i Volda (HVO) har greidd ut spørsmålet om ny lærarutdanning ved HVO. På eit ope seminar torsdag 23. april vil utvalet presentere resultatet av arbeidet. Høgskulen har også invitert eksterne innleiarar til å kommentere rapporten.
Peggy S. Brønn er en av de fremste forskerne på omdømmebygging i Norge. Førstkommende onsdag vil hun holde en åpen forelesning på kurset "Samfunnskommunikasjon INF 211" ved Informasjonsutdanningen i Volda. Forelesningen er basert på arbeidet med boka "Åpen eller Innadvendt - omdømmebygging for organisasjoner".
Friday was the final day of “Beyond Constructionism”, a symposium that brought together a diverse group of international scholars and researchers in language and embodiment studies. “Part of what made it so exciting,” says project leader Stephen Dougherty, “was the fact that people were talking to one another productively across so many disciplines: linguistics, cognitive science, psychology, philosophy, literary studies, and cultural theory.