- For å forstå utvikling, tankesett og samtida i Japan, kan ein ikkje gå utanom påverkinga av atombombene og dei verknader dette har hatt, fortel Tengyo Kura, lærar ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Han er initiativtakar til seminar, konsert og utstilling om Hiroshima ved høgskulen i september. Miyoko Matsubara er ei av dei siste overlevande etter Hiroshima, og ho vil halde eit av foredraga i seminaret.
Med seminaret "Kunst for barn - livsnødvendig underholdning?" den 11. og 12. juni vil Senter for kulturproduksjon og kulturformidling og Prøvekluten 2008 belyse ulike syn på barn og kunst. Er kunst for barn? og hvordan kan vi bruke kunst for å belyse vanskelige tema? -Vi er svært fornøyde og stolte over programmet til årets prøveklutseminar, sier prosjektleder Marit Ulvund.
Filmskaparane av opningsfilmen til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, ”Three Miles North of Molkom”, selde eigedelane sine for å lage denne dokumentaren. I dag er dei nøgde med resultatet.
Lærarstudentar og tilsette ved lærarutdanninga har dei tre siste dagane delteke på seminar om psykisk helse i skulen. Kari Anne Osborg i arrangementskomiteen meiner at temaet for seminaret er svært relevant for komande lærarar.
-Aktiv omsorg er ein viktig strategi for framtidas omsorgsteneser. Det vil kreve større fagleg bredde i omsorgssektoren med fleire faggrupper og auka vektlegging på kulturtiltak, sosialpedagogikk, ergoterapi, fysioterapi og sosialt arbeid, seier Anne Sofie Egset. Ho er prosjektleiar for "Aktiv omsorg" som 30. april inviterer til seminar om kompetasebehov og rekruttering i omsorgssektoren.
Dagsseminar om nyskaping, 17. april kl. 09.00-13.30 i Berte Kanutte 158
Publisert
Seminaret er aktuelt for både studentar og tilsette, og vil sette søkelys på kommersialisering av forskingsresultat og nyskapande studentarbeid. Har du ein forretningside basert på forsking eller nyskapande arbeid? Seminaret vil gi deg tips til korleis du kan utvikle ideen vidare.
Gjesteførelesing med media- og etikkprofessor fredag
Publisert
Clifford Christians er professor frå Communications and Media Studies ved Universitetet i Illinois og tek del på etikk- og religionsseminara ved HVO denne veka. Fredag kl. 12.15 held han gjesteførelesing om mediaetikk. Christians er svært godt kjend som lærebokforfattar og forskar innan media og etikk.
- Raku er eit japansk ord som betyr glede og står for prosessen glasurbrenning, forklarer professor Meltem Kaya frå det anerkjende universitetet Mimar Sinan i Istanbul i Tyrkia. Førre måndag heldt ho kurs i rakubrenning for kunst og handverkstudentar. Rakubrenning er den raskaste metoden for å brenna glasur på leire.
Prøveførelesing ved mastergrad i nynorsk skriftkultur
Publisert
I samband med avsluttande eksamen ved Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur vert det tysdag 18. desember halde ei opa prøveførelesing av Mette Aaram Ringstad med temaet "Dei nynorske identitetane i lys av det generelle forholdet mellom språk og identitet".
På torsdag, (22 november), var rundt femti deltakarar samla til seminaret: Aktiv omsorg- kunnskapsgrunnlag og kunnskapsbehov. Foredragshaldarane Tor Johan Eikeland, Marit Botnen og Jan Inge Sørbø innleia til dialog om Stortingsmelding nr. 25- Framtidas omsorgsutfordringar.