Denne veka er faglærar Øyvind Hagen og 10 allmennlærarstudentar frå årsstudium kroppsøving i Holbæk i Danmark for å delta på Nordplus-samling i kroppsøving. Samlinga har temaet "Leik i eit nordisk perspektiv" og varer i fire dagar. Studentane skal presentere vanlege leikar frå sitt land i tillegg til å presentere Høgskulen og utdanninga si.
London har i mange år vore sentrum for den kunstnarlege personlege animasjonsfilmen. I helga kjem 3 av dei mest markante animasjonsfilmskaparane i byen til Volda for å vise filmane sine og treffe studentar og andre interesserte.
Litteratur- og kulturforskaren Jostein Fet fekk FoU-prisen 2006 under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Prisvinnaren har ein omfattande forfattarskap bak seg, og kan vise til forsking som har lagt grunnlaget for ei nyskriving av norsk kulturhistorie.
Høgskulelektor Lila Moberg har teke initiativ til prosjektet "Kreativ bruk av IKT i barnehagen". Over femti deltakarar frå barnehagar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har meldt seg på eit seminar med dette temaet under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda i morgon. - Ein kjemperespons, som syner at dette er eit tema som opptek barnehagane, seier Eirik Bech ved Kontor for etter- og vidareutdanning.
Nysgjerrigper - eit kunnskapsprosjekt for barneskulen
Publisert
Nysgjerrigper er Noregs forskingsråds tiltak for elevar og lærarar i barneskulen. I dag vil Frode Skjold, som er ein av Nysgjerrigpers ressurslærarar, gje interesserte lærarar og studentar eit innblikk i Nysgjerrigper-metoden under Forskingsdagane.
Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda inviterer i morgen torsdag til seminar om medieetikk under Forskingsdagene 2006. Seminaret er gratis og åpent for alle. Om kvelden holder arrangementet frem med pressepub på Rokken med Oddleiv Apneseth fra BT som innleder.
Forskingsdagane: Havfiskeflåten - eit etisk dilemma?
Publisert
Historikarane Atle Døssland, Arnljot Løseth, Oddbjørn Melle held på med eit prosjekt der dei skriv den 150-årige historien til havfiskeflåten på nordvestkysten. I kveld held dei føredrag der dei tek utgangspunkt i etiske dilemma knytt til havfiskeflåten.
I dag kl. 13.15 - 14.00 holder førsteamanuensis Ralph Meier foredrag om Dan Browns bok sin bok, Da Vinci-koden. Han spør hvordan denne suksessen kan forklares, og hva som er fiksjon og hva som er fakta?
Søndag frå kl. 13.00 til 16.00 står Heidi Brunstad, Erik Fooladi og studentar frå "Mat, kultur og konservering" for familiedagen på Volda bygdetun. Det har vorte ein hausttradisjon med matkulturelle opplevingar under Forskingsdagane.
Fleire av prosjekta det vart gitt støtte til under Prøvekluten 200 har søkt om å få kome attende i haust for ferdigstilling av dei ulike produksjonane. Måndag 11. september er det duka for prøveframsyning av musikkteaterframsyninga ” Om svin og høns- en kjærlighetshistorie”i Teatersalen på Henrik Kaarstad- huset. Publikum er 3. og 4. klasse ved Øyra skule.