Dr Peter Higgins frå Outdoor Education-kurset ved University of Edinburgh held ei gjestførelesingar om mellom anna natur- og friluftslivsfilosofi og utdanning.<br>Alle er oppmoda om å møte neste veke.
Korleis kan samfunnsplanlegging danne grunnlag for praktisk handling? Dette var tema på dagsseminaret som samla eit fullsett auditorium ved Høgskulen i Volda på onsdag.
Frå fredag 23. september til fredag 30. september arrangerer Høgskulen i Volda Forskingsdagane. - Vi presenterer eit variert og aktuelt program og håpar på godt besøk, seier FoU-konsulent Bente Gunn Lien.
Både Beatles-fans og alle som likar god animasjonsfilm har grunn til å setje kryss ved laurdag 17. september. Høgskulen i Volda ved Avdeling for mediefag, Volda filmteater og studenthuset Rokken vil nemleg arrangere ein mini animasjonsfilmfestival der vising av den grensesprengande Yellow Submarine er eitt av høgdepunkta. - Til festivalen kjem også Bob Balser og John Coates som er to av dei mest sentrale personane bak filmen, seier førsteamanuensis Gunnar Strøm.
Laurdag 10. september vert det arrangert salmeseminar ved Høgskulen i Volda. I samarbeid med Y’s Men Ørsta/Volda, Ørsta kyrkjelyd og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag. I tillegg vert det jazzmesse etter Olaf Hillestad i Ørsta kyrkje fredag og samlemesse i Volda kyrkje søndagen.
Temaet for konferansen i år er likestilling og likeverd i barnehagen. Dette er eit sentralt satsingsområde innan barnehagesektoren både på nasjonalt- og fylkesnivå. - Eg har god tru på at temaet vil slå godt an i målgruppa for konferansen, seier medarrangør Britt Loven Ølnes, studieleiar ved førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Etter fjorten dagar med hektisk aktivitet er Prøvekluten 2005 no avslutta. Verkstaddeltakarar, kunstnarar og kulturtilsette har reist kvar til sitt. -Dette har vore både utfordrande utviklande og spanande, seier Signe Valsø ved Kontoret for etter- og vidareutdanning.
Prøveførelesingar ved mastergraden i nynorsk skriftkultur
Publisert
Det vert halde 2 opne prøveførelesingar i samband med avsluttande eksamen ved mastergraden i nynorsk skriftkultur onsdag 8. juni ved Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset rom 158.
Helse Midt-Noreg og Høgskulen i Volda i konferansesamarbeid
Publisert
-Vi er svært glade for samarbeidet med Helse Midt-Noreg ved Kompetanssenteret for pasientinformasjon og pasientopplæring (KPI) og gler oss til å avvikle denne OPP!-konferansen saman med dei seier Signe Valsø, leiar for Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) ved Høgskulen i Volda.