- Vi har stor tru på at vi kan lære mykje av miljøet Volda, kommenterte utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet då ho vitja Høgskulen i Volda i dag. Ho tok del i eit fagseminar om framtida i norsk lærarutdanning, som mellom anna tok føre seg evalueringsarbeidet av Reform -97, leia av professor Peder Haug ved høgskulen.
Institutt for planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for eit opplæringsprogram for kommunale leiarar i kommunane Sande, Hareid og Vanylven. – Kommunane står overfor krevjande utfordringar. Skal vi kunne vere i førekant av utviklinga er det viktig å utvikle kompetansen hos leiarane våre, seier kontorsjef Bård Dalen i Sande kommune.
Onsdag 19.november inviterer Høgskulen i Volda til lederopplæring for kommunene Hareid, Sande og Vanyvlen. Tema er kommunal sektor i endring og konsekvenser for den kommunale lederollen.
- Det å ta ordet er vanskeleg for mange som har låg sjølvkjensle, eller lite erfaring med det å hevde seg i høve andre, fortel seksjonsleiar ved dramaseksjonen på høgskulen, Marit Ulvund. No repeterer Rådgjevingstenesta for studentar (SfS) og Høgskulen i Volda kurssuksessen med fokus på kommunikasjon og hersketeknikkar.
- IKT er eit viktig suppleringsverkty for grunnskulen og den vidaregåande skulen, seier Terje Støve frå Voss gymnas. Denne veka leidde han første samlinga i LærarIKT ved Høgskulen i Volda.
- Det er i kommunane folk bur, og det er der ein kan møta utfordringane, uttrykte leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget, Magnhild Meltveit Kleppa, då ho innleidde dagseminaret om omstilling i offentleg sektor ved Høgskulen i Volda tysdag.
Kommunal- og regionalminister Erna Solberg (H), leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget, stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) og professor Roar Amdam blir å finne på talarstolen når Sparebanken Volda Ørsta og høgskulen inviterer til temadag om offentleg tenesteproduksjon på tysdag 14. okt.
Nettverkssamling for drama/teaterlærere i Volda 8.-11. okt.
Publisert
Årets nasjonale samling av drama/teaterlærere ved høgskoler og universitet blir arrangert av dramaseksjonen i Volda. Den internasjonalt kjente teaterregissøren Stein Winge, skuespilleren Anne Mali Sæter og teaterinstruktør og pedagog Arild Støfring bidrar med tre praktiske teaterseminar.
Førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er 30 år – og dette vert markert med ei stor jubileumskonferanse på Scandic Hotell i Ålesund torsdag 2. og fredag 3. oktober. Konferansen har fått tittelen Den kompetente vaksne –utviklingsarbeid som kvalitet i barnehagen.
“She did a very good job” var kommentaren til Dr. Stuart Moulthrop frå University of Baltimore etter å ha opponert doktoravhandlinga til cand. philol. Torill Elvira Mortensen fredag føremiddag.