Lærarutdanning

Total 474 results

  • Spanske basketball- og skilærarar kjem til Volda

    Artikkel

    Spanske basketball- og skilærarar kjem til Volda

    Publisert

    - Allereie neste veke kjem Jordi Fernandez frå Universitat de Lleida (UdL) for å førelese ved Kroppsøving årsstudium. Fernandez er basketballspelar på høgt nivå i Spania og underviser i ballspel ved UdL. Høgskulen i Volda og UdL har no blåst liv i ein utvekslingsavtale gjennom Erasmusordninga.

  • Opplevde snø for første gong

    Artikkel

    Opplevde snø for første gong

    Publisert

    - But, … the sun is shining, why is it so cold? How can it be cold when it is so nice and sunny, spurde dei afrikanske utvekslingsstudentane som kom til Volda denne veka. Dei tek del i Fredskorpsprosjektet, og reiste frå 38 varmegrader i Namibia og Malawi til minusgradene i Volda.

  • Fagdag for førskulelærarutdanninga i Volda

    Artikkel

    Fagdag for førskulelærarutdanninga i Volda

    Publisert

    - I dag er faglærarar, saman med styrarar og øvingslærarar frå praksisbarnehagane i førskulelærarutdanninga samla til fagdag ved Høgskulen i Volda. Lærebokforfattar Anne Tove Fennefoss held innlegg om praksisforteljing som læringsstrategi i barnehage og utdanning.

  • Konsert med Høgskulekoret laurdag og søndag

    Artikkel

    Konsert med Høgskulekoret laurdag og søndag

    Publisert

    - Det er songar frå film og scene som står på repertoaret til helga, fortel dirigent og høgskulelektor Leif Barmen. Med eige band og solistar frå musikkmiljøet ved Høgskulen i Volda arrangerer Høgskulekoret konsert både laurdag 11. og søndag 12. mars kl. 18.00 i Henrik Kaarstad-huset.

  • Fire referee-vurderte artiklar i internasjonale tidsskrift

    Artikkel

    Fire referee-vurderte artiklar i internasjonale tidsskrift

    Publisert

    I løpet av siste året har førsteamanuensis Irene Velsvik Bele fått antatt fire referee-vurderte artiklar for publisering i internasjonale tidsskrift. Bele har doktorgrad i spesialpedagogikk frå UiO, og underviser på masterstudiet i spesialpedagogikk m.a. i språkvanskar, lese-skrive- og matematikkvanskar.

  • Doktorgrad om IKT i den norske ungdomskulen

    Artikkel

    Doktorgrad om IKT i den norske ungdomskulen

    Publisert

    Cand. scient. Rune Johan Krumsvik disputerer 2. mars for Dr. philos. graden ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga ”ICT in the school. ICT-initiated school development in lower secondary school”.

  • Voldaforskarar med rapport om tilpassa opplæring

    Artikkel

    Voldaforskarar med rapport om tilpassa opplæring

    Publisert

    Førsteamanuensis Kari E. Bachmann og professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda gav nyleg ut forskingsrapporten om tilpassa opplæring i skulen i eit oppdrag som Utdanningsdirektoratet gav til forskingsmiljøet i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda. I rapporten presenterer og drøfter forskarane forskinga som er gjort i Noreg om tilpassa opplæring.

  • Betre løn og lettare jobbmarknad med matematikk

    Artikkel

    Betre løn og lettare jobbmarknad med matematikk

    Publisert

    - Matematikk har vorte ei fordel både når ein skal søkje arbeid og i lønssamanheng, fortel førsteamanuensis Arne Kåre Topphol ved Avdeling for lærarutdanning. Her ved Høgskulen i Volda har vi hatt ein jamn auke siste året – og interessa er framleis aukande, meinar han, og peikar på Kunnskapsløftet som ein viktig faktor.

  • Nyskapande prosess i Haram

    Artikkel

    Nyskapande prosess i Haram

    Publisert

    Sist veke gjennomførte Høgskulen i Volda fire dagssamlingar for skuleverket i Haram kommune. Samlingane er ein del av ein prosess kalla ”Læring i praksis” og er ein del av vår satsing på Kunnskapsløftet. Om lag 150 lærarar og skuleleiarar frå 14 skular samla seg med fokus på matematikk , fysisk fostring, norsk og korleis ein skal tilpasse desse faga til dei nye læreplanane.

  • Yksnøya på radio førstkomande søndag

    Artikkel

    Yksnøya på radio førstkomande søndag

    Publisert

    - Friluftsliv og kroppsøving sin friluftsbase på Yksnøya skal vere eit av temaa i "Naturens Verden" på NRK P1 førstkomande søndag. Høgskulen i Volda har bygt opp ein unik base der studentar og tilsette studerer natur og friluftsliv på nært hald.