Vidareutdanning for lærarar
I Volda har vi utdanna lærarar i meir enn 150 år. Det er vi gode på, og vidareutdanning for lærarar og barnehagelærarar er ei kjerneverksemd. Hos oss får du unik praksis, teknologi i undervisninga og blikk på framtidas klasserom og barnehagar.
Vi har eit arbeidsliv i rask endring, noko som er grunn til å skaffe seg meir fagleg tyngde. Kvifor skal du som lærar ta etter -og vidareutdanning?
- Mogleg direkte opprykk i stillingskategori og lønsplassering
- Personleg utvikling og nytt syn på eigen kunnskap og moglegheiter
- Auka praktisk dugleik innan ditt fagområde eller på heilt nye område
- Få ny og oppdatert fagleg kunnskap
- Gir moglegheiter for nytt ansvar, fag eller nye oppgåver på jobb
- Nettverksbygging
Bli med på webinar og digitale møte!
Til deg som ikkje har anledning til å møte oss på annan måte, eller til deg som ønsker enno meir informasjon om tilboda ved Høgskulen i Volda!
Dei digitale informasjonsmøta er heilt uforpliktande, og passar både til deg som vurerer Volda som studiestad, til føresette og rådgjevarar.
Det vert høve til å stille spørsmål i chatten til slutt om du lurer på noko – eller du kan vere heilt anonym under heile møtet.
Vel møtt!
Klikk på lenkene under for å registrere deg:
- 17. februar kl. 14.00 - 14.30: Grunnskulelærar 1.-7. trinn og Grunnskulelærar 5.-10. trinn (master) Påmelding
- 17. februar kl. 14.30 - 15.00: Praktisk-pedagogisk utdanning (årsstudium) Påmelding
- 17. februar kl. 15.00 - 15.30: Barnehagelærar (bachelor) Påmelding
- 19. februar kl. 14.30 - 15.00: Videreutdanning for lærarar - kombiner jobb og studium Påmelding
- 24. februar kl. 16.30 - 17.00: Barnehagelærar (bachelor) Påmelding
- 24. februar kl. 17.00 - 17.30: Grunnskulelærar 1.-7. trinn og Grunnskulelærar 5.-10. trinn (master) Påmelding
- 24. februar kl. 17.30 - 18.00: Praktisk-pedagogisk utdanning (årsstudium) Påmelding

Kombiner studium med jobb
Vi gjer det enkelt for deg å ta utdanninga du ønskjer deg, uavhengig av livssituasjon og jobbkvardag. Studer på heiltid, deltid, samlingsbasert eller nett.
LærariNordvest
Målet med Høgskulen i Volda (HVO) si satsing på LærariNordvest er å rekruttere studentar og sikre kommunane i regionen nok kvalifiserte lærarar i framtida. HVO samarbeider tett med barnehage- og skuleigarar for å finne dei rette kandidatane.

Vidareutdanning for lærarar i barnehage og skule studieåret 2026 – 2027
Regjeringa har frå 1. januar 2026 innført eit heilskapleg system for kompetanse og karriereutvikling (SKK) i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og opplæring for vaksne. Systemet skal føre til at lærarar og andre yrkesgrupper får betre føresetnadar for å møte krav og forventningar dei står overfor i sitt daglege arbeid.
Det nye systemet inneheld både kollektiv og individuell kompetanseutvikling. Individuelt erstattar og vidarefører strategien vidareutdanningselementa i Kompetanse for kvalitet (KfK), Kompetanse for fremtidens barnehage og yrkesfaglærerløftet. I den nye strategien får du som søkjar større valfridom og saman med arbeidsgjevar høve til å søkje kompetansen det er behov for. Det vert gitt økonomisk støtte til lærarar, andre tilsette med høgare utdanning og fagarbeidarar i barnehage, SFO, grunnskule, vidaregåande opplæring, inkludert fagopplæring i bedrift, vaksenopplæringa, PP-tenesta og kulturskulen.
Høgskulen i Volda har ei sentral rolle i å tilby vidareutdanningar spesielt retta mot denne strategiske satsinga. Sjølv om ein no kan søkje ei større breidd, vil det framleis vera fag som særleg er retta inn mot barnehage og skule, der ein legg vinn på studentaktiv læring, utprøving på eigen arbeidsplass og praksisrelevante arbeidskrav.
Søkjeperiode 1. februar til 15. april 2026. For enkelte tilbod vil det vere løpande opptak vidare utover søkjeperioda.
Ta kontakt med EVU-koordinator Ole Frank Bakken om du har spørsmål eller treng meir informasjon om endringar og tilbod.

