God dialog om å styrkje framtida for lærarutdanning i Volda
Onsdag 18. mars var leiarar og lærarar i skule og barnehage og tilsette i lærarutdanninga samla til seminar og workshop på høgskulen. Saman drøfta dei rekruttering og utvikling av lærarutdanningane.

Dekan Silje Ims Lied ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) ynskte deltakarane velkomne og orienterte litt om status for lærarutdanningane nasjonalt og lokalt.
Foto: HVO
Det var Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) ved Høgskulen i Volda (HVO) som inviterte til samlinga.
I orienteringa frå høgskulen gjekk studieleiaren for grunnskulelærarutdanningane ved HVO, Eivind Patrick Hanevik, litt djupare inn i statistisk analyse og detaljar om søknadsutviklinga.
Han løfta relevante spørsmål og skapte ein god kontekst før deltakarane vart utfordra til gruppearbeid med konkrete oppgåver. Her jobba dei med kva høgskulen og praksisfeltet kan gjera saman for å inspirere fleire til å velje lærarutdanning, og kva vi særleg kan løfte fram for å få fleire til å velje Volda som fyrsteval når dei vel yrkesveg.
- Les meir: Bli lærar i Volda!
Deltakarane frå praksisfeltet vart også spurde om kva dei har behov for av vidareutdanningar, og korleis HVO kan synleggjere tilboda våre betre.
Viktige innspel og nye perspektiv
– Denne typen seminar og workshop syner tydeleg kor viktig det er med open dialog og tett samarbeid mellom Høgskulen i Volda og praksisfeltet, slo dekan Silje Ims Lied fast etter seminaret.

Ho trekte mellom anna fram dei gode diskusjonane under gruppearbeidet.
– Innspela som kom fram, gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med å styrkje rekrutteringa, utvikle utdanningane og synleggjere moglegheitene som ligg i lærarutdanningane i Volda.
– Takk til alle som deltok og bidrog med innspel verdifulle perspektiv gjennom dagen, la den nøgde dekanen til.
Utdanningstorg
Dagen vart avslutta med utdanningstorg der potensielle søkjarar og andre interesserte fekk møte studentar og tilsette for barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanninga, PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) og vidareutdanningane.
Her kunne besøkande stille spørsmål til studentar og fagtilsette om studium, studiekvardagen og yrkesmoglegheiter.






