Bibliotektenester i stengt periode

Biblioteket er dessverre fysisk stengt til 20. oktober kl. 12:00 pga. arbeid med golv og tak.

Lån

Før biblioteket opnar igjen 20. oktober, kan vi tilby utlån av ein del bøker. Vi har førebels berre tilgang til bøkene i 1. etasje (oppstilling 000–600) og magasin.

Studentar og tilsette kan kome til pop up-skranken utanfor biblioteket. Vi har ope kvardagar kl. 12–14 frå 8. til 19. oktober. Ta med studentbevis/tilsettkort (maks. 3 lån per person).
Vi har berre kapasitet til å låne ut til dei som møter opp fysisk.

  1. oktober opnar vi igjen for bestillingar/reserveringar.

Pensumbøker

I Volda får du kjøpt pensumbøker på Norli bokhandel i sentrum, og du får også kjøpt dei i ulike nettbokhandlar. Hos Allvit kan du kjøpe eller leige ein del av pensumbøkene som e-bøker. Når biblioteket opnar igjen i oktober, har vi pensumbøker og andre bøker til utlån.

Korleis nå oss?

  • Pop up-skranken utanfor biblioteket: Ope kvardagar kl. 12–14 t.o.m. 19. oktober.
  • E-post: Send til skranke@hivolda.no, og du vil få raskt svar. Dersom du ikkje er i Volda og gjerne vil snakke med nokon av oss, kan du be oss ringe deg.

Innlevering av bøker

Vi har innleveringskasser utanfor biblioteket og studentsørvis. Er du fjernstudent, kan du spørje på ditt nærmaste bibliotek om dei kan sende bøkene til oss.

Digitale bøker og tidsskriftartiklar

Sjølv om det ikkje er mogleg å låne fysiske bøker, har vi mange e-bøker og tidsskriftartiklar tilgjengeleg. Desse kan du finne ved å søke i Oria.

Meir informasjon om e-bøker

Studentoppgåver

Desse finst ope tilgjengeleg i Nasjonalt vitenarkiv (NVA). Ei oversikt over bachelor- og masteroppgåver inndelt etter fag (med lenkjer til NVA) finn du her:

Master- og bacheloroppgåver ved Høgskulen i Volda.

Grupperom og studieplassar

Grupperom og studieplassar i biblioteket er ikkje tilgjengelege i denne perioden. I Mazemap finn du oversikt over grupperom og studieplassar/studieområde andre stader på campus (til høgre i Mazemap kan du velje ulike etasjar). I 2. etasje ved trappa frå kantina i Berte Kanutte-huset er det også fleire studieplassar.