Nyhende

Total 1506 results

  • Matprat-kokk tar vidareutdanning i Volda 

    Artikkel

    Matprat-kokk tar vidareutdanning i Volda 

    Publisert

    Ho er eit kjent kokke-fjes frå God Morgon Norge og matfagleg rådgjevar og innhaldsskapar i Matprat, det siste året har Britt Marlene Kåsin vidareutdanna seg i matkultur ved Høgskulen i Volda (HVO).

  • Maria Parr gir sniklytt på ny «Oskar og eg»-bok under gratis fagdag

    Artikkel

    Maria Parr gir sniklytt på ny «Oskar og eg»-bok under gratis fagdag

    Publisert

    På fagdagen på høgskulen 12. juni under Festspela får du ein eksklusiv forsmak på oppfølgjaren til «Oskar og eg» – den prislønte barneboka av Maria Parr og Åshild Irgens. Stjerneduoen er mellom trekkplastera på ein dag full av spennande litteratur.

  • Professor på seks strengar

    Artikkel

    Professor på seks strengar

    Publisert

    Musikaren og forskaren Stein Helge Solstad har blitt professor ved Høgskulen i Volda. No kan den fjellglade jazzgitaristen også la seg inspirere av utsynet frå ein akademisk topp.

  • Har debutert med publisert forsking

    Artikkel

    Har debutert med publisert forsking

    Publisert

    Stipendiat Lars Ørjan Kråkenes er ein av tolv ved Høgskulen i Volda som publiserte vitskapleg for første gong i 2024. – Mange gode kollegaer har støtta og motivert meg, fortel Kråkenes om milepålen.

  • Ryslett er redaktør av bok om matkulturar i Noreg

    Artikkel

    Ryslett er redaktør av bok om matkulturar i Noreg

    Publisert

    Førstelektor Kari Ryslett er ein av tre redaktørar av den nye antologien «Matkulturer i Norge: samisk, kvensk/norskfinsk, skogfinsk, jødisk, romsk og romani/tater i fagområdet mat og helse i lærerutdanningene».

  • Lanserer dagsaktuell bok om tru og opplæring

    Artikkel

    Lanserer dagsaktuell bok om tru og opplæring

    Publisert

    «Hvor skal du i helga?» er tittelen på ei ny bok om religionsmangfald, trusopplæring og skule frå forskingsprosjektet FAITHED. Tre av forfattarane i samarbeidsprosjektet forskar ved HVO.

  • Blei lesen av forskar – enda opp i Belgia

    Artikkel

    Blei lesen av forskar – enda opp i Belgia

    Publisert

    Då ein stipendiat ved Universitetet i Gent kom over ein artikkel av Oddvar Aalde, balla det på seg og sende HVO-stipendiaten på eit minnerikt forskaropphald på kontinentet.

  • Gamlem med sentral forskingsartikkel om tilbakemeldingar i skulen

    Artikkel

    Gamlem med sentral forskingsartikkel om tilbakemeldingar i skulen

    Publisert

    HVO-professor Siv M. Gamlem og UiO-professor Christian Brandmo har screena heile 8785 artiklar i ein systematisk oversiktsstudie om elevar sine oppfatningar og resultat av tilbakemeldingar frå lærarar.

  • Milliongåve til nybrotsforsking på folkehelse

    Artikkel

    Milliongåve til nybrotsforsking på folkehelse

    Publisert

    Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir drygt 1,3 mill. kr i gåvemidlar til Høgskulen i Volda. Størstedelen går til eit forskingsprosjekt om førebyggjande folkehelse, medan 200 000 kr er støtte til eit Hans Strøm-jubileum i 2026.

  • Heidrar brørne Amdam med festskrift

    Artikkel

    Heidrar brørne Amdam med festskrift

    Publisert

    HVO-professorane Roar Amdam og Jørgen Amdam står som bautaer i norsk planleggingspraksis dei siste femti åra. No vil fagmiljøet gjere stas på pionerane i Volda med eit stort heidersskrift.