Nyhende

Total 1513 results

  • Godt samarbeid om brubygging mellom Nord og Sør

    Artikkel

    Godt samarbeid om brubygging mellom Nord og Sør

    Publisert

    Fredskorpsstudiet Exchange for Development ved Høgskulen i Volda er eitt av dei største Fredskorpset-Ung-prosjekta til denne tid, og det einaste med utveksling av lærarstudentar. Ein rapport på norsk er no klar, etter at prosjektet vart avslutta i 2008.

  • Språk – ein føresetnad for kommunikasjon

    Artikkel

    Språk – ein føresetnad for kommunikasjon

    Publisert

    Både kulturen vi lever i og identiteten til den einskilde blir forma gjennom språk, som er ein føresetnad for kommunikasjon. Mastergradsstudium i nynorskskriftkultur gir brei språk- og kulturkompetanse, og formidlar innsikt i skriftkulturen gjennom ulike fagdisiplinar.

  • Nytt studietilbod: Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning

    Artikkel

    Nytt studietilbod: Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning

    Publisert

    I dag manglar det om lag 140 førskulelærarar for å dekkje kravet til førskulelærar i pedagogisk leiarstillingar/styrarstillingar i barnehagar i Møre og Romsdal. For å møte dette behovet, etablerer høgskulen i samarbeid med barnehageeigarar arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning med oppstart i november 2009.

  • HVO-professor i internasjonalt forskingssamarbeid

    Artikkel

    HVO-professor i internasjonalt forskingssamarbeid

    Publisert

    Professor Rune Kvalsund ved Institutt for sosialfag har bak seg fleire års samarbeid med forskarkollegaer ved fakultetet for skule- og utdanningsforsking ved Universitetet i Cambridge, England. Slikt samarbeid gir viktige tilskot til kvaliteten i undervisninga og forskinga ved høgskulen, og høgskulen gir på ulike måtar støtte til slik internasjonal fagleg utveksling.

  • Uniqe course: World Heritage Experiences

    Artikkel

    Uniqe course: World Heritage Experiences

    Publisert

    World Heritage Experiences: Geiranger World Heritage - Fjord and Mountains [30 ECTS] is a uniqe course that will provide increased competence within nature- and culture based tourism and mediation/promotion. Open for Volda-students.

  • Eksamen i musikk på Rust i Ørsta

    Artikkel

    Eksamen i musikk på Rust i Ørsta

    Publisert

    Øyvind Krøvel avsluttar no bachelorgradsstudiet i musikk med eksamenskonsert på Rust Club & Scene tysdag 19. mai. Konserten har namnet ”Musikk for Natur” og skal ta publikum med på ei reise gjennom ulike naturlandskap.

  • Eksamen frå scena: bachelorkonsertane startar onsdag

    Artikkel

    Eksamen frå scena: bachelorkonsertane startar onsdag

    Publisert

    Janne M. Grytten Skarstein er ei av studentane som avsluttar bachelorgradsstudiet i musikk i år, og ho har eksamen frå scena på Rokken 14. mai. Frå onsdag 13. mai startar to veker med eksamenskonsertar på høgskulen, studenthuset Rokken, Rust i Ørsta og på andre scener.

  • Konsert i teatersalen: ”From Berlin to Broadway”

    Artikkel

    Konsert i teatersalen: ”From Berlin to Broadway”

    Publisert

    Onsdag 6. mai vil songstudentar frå musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda presentere eit utval av Kurt Weill sine songar. Konserten startar kl. 19.00 i teatersalen i Henrik Kaarstad-huset, og får tonefølgje av eit band der Morten Bollerud, Øystein Øye, Erik Fooladi, Bård Dahle og Øyvind Eiksund er med.

  • Internasjonalt animasjonsprosjekt i Volda denne veka

    Artikkel

    Internasjonalt animasjonsprosjekt i Volda denne veka

    Publisert

    I fjorten intense dagar har Høgskulen i Volda eit stort internasjonalt prosjekt innan animasjon. 30 studentar og 9 lærarar frå Wales, Tallin og Volda tek del i det EU-finansierte prosjektetet "Acting for animation". Dette er eit såkalla Intensive Project (IP), fortel leiar av internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen. I dag, fredag 8. mai kl. 18.00 er publikum inviterte til å sjå produksjonane i Berte Kanutte-huset, Vesle aud.

  • Bjerke-disputas: Finansiert av Fritt Ord

    Artikkel

    Bjerke-disputas: Finansiert av Fritt Ord

    Publisert

    Mag.art. Paul Bjerke ved Høgskulen i Volda disputerte torsdag 30. april og hadde sin doktorandmiddag i Fritt Ord sine lokale i Oslo. – Svært passande, sidan dette var det første doktorgradsstipendet som Fritt Ord har finansiert, kommenterer kollega Johann Roppen som overvar disputasen.