Om Høgskulen i Volda

Total 145 results

  • Nytt semester og nye studentar

    Artikkel

    Nytt semester og nye studentar

    Publisert

    Det nye semesteret er i gang, og nye studentar kjem til Høgskulen i Volda. Alle studentar får no registrere seg på veven med brukarkonto for studentnettverket, e-post og e-læringssystem. På høgskulen sine studentsider får ein også registrere utdanningsplanar.

  • HMS-dag tysdag 18. november

    Artikkel

    HMS-dag tysdag 18. november

    Publisert

    Arbeidsmiljøutvalet (AMU) inviterer alle tilsette ved HVO til HMS-dag tysdag 18. november kl 09.00 i Strøm-auditoriet. - Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit lovpålagt satsingsområde innafor norsk arbeidsliv. Enkelt sagt skal arbeidsgjevaren syte for at omsynet til arbeidstakarane si helse, velferd og sikkerheit blir tatt i vare, seier hovudverneombod Rune Mo.

  • Framlegg til statsbudsjett for 2004

    Artikkel

    Framlegg til statsbudsjett for 2004

    Publisert

    - På grunn av den nye finansieringsordninga får høgskulen utteljing for produksjon av studiepoeng to år på etterskot, noko som gjer at Høgskulen i Volda kjem noko dårlegare ut enn universitets- og høgskulesektoren som heilskap, kommenterer direktør Jacob Kjøde jr. om framlegget til statsbudsjett for 2004.

  • Oppstartsundersøkinga 2003 ved Høgskulen i Volda

    Artikkel

    Oppstartsundersøkinga 2003 ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    Måndag sender HVO ut ein e-post med Oppstartundersøkinga 2003 til alle nye studentar. - Dette er god hjelp, kommenterer Jonny Roar Sundnes frå Studieadministrasjonen. Saman med respons på rekrutteringsarbeidet ved høgskulen gir undersøkinga oss viktige tilbakemeldingar om semesterstarten.

  • NOKUT heldt styremøtet sitt ved Høgskulen i Volda

    Artikkel

    NOKUT heldt styremøtet sitt ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    Torsdag 14. august heldt Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) sitt styremøte ved Høgskulen i Volda.
    – Dette gir oss god kontakt og dialog rundt aktuelle problemstillingar, kommenterer rektor Gunnar Stave ved Høgskulen i Volda.

  • Nye styremedlemmer ved Høgskulen i Volda

    Artikkel

    Nye styremedlemmer ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    Det nye styret ved Høgskulen i Volda er no klart med fire eksterne medlemmer og tre varamedlemmer. Distriktsarbeidssjef ved Aetat Ulsteinvik, Elisabeth Sundgot (bilete) og Per Eivind Kjøl frå NTNU er nye eksterne styremedlemmer frå 1. august 2003 til 31. juli 2007.

  • Fleire jenter søkjer til Høgskulen i Volda

    Artikkel

    Fleire jenter søkjer til Høgskulen i Volda

    Publisert

    Stadig fleire jenter søkjer utdanning ved høgskulane, fortel rektor Gunnar Stave ved Høgskulen i Volda. No er berre ein av tre studentar menn, kommenterer han til NRK. Særleg sosialfaga og lærarstudia har gode opptak – og fleirtalet av søkjarane er jenter.

  • Molde, Ålesund, Volda og Sogndal utviklar datasystem saman

    Artikkel

    Molde, Ålesund, Volda og Sogndal utviklar datasystem saman

    Publisert

    Dei tre høgskulane i Møre og Romsdal og Høgskulen i Sogn og Fjordane utviklar databasesystemet saman.
    - Trass i store overskrifter om vanskar med høgskulesamarbeid har høgskulane likevel praktisk samarbeid. Vi går no saman om å utvikle databasesystem for studieinformasjon, fortel prosjektmedarbeidar Jonny Roar Sundnes frå Høgskulen i Volda.

  • Nytt utgangspunkt for høgskulesamarbeidet

    Artikkel

    Nytt utgangspunkt for høgskulesamarbeidet

    Publisert

    - Molde sitt nei gir oss no eit nytt utgangspunkt, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Gunnar Stave. Vi satsar framleis på å vidareutvikle god kontakt og samarbeid mellom høgskulane med tanke på å fylle våre roller som samfunnsinstitusjonar, påpeikar rektor Stave

  • Diskusjonen om høgskulesamarbeid har starta

    Artikkel

    Diskusjonen om høgskulesamarbeid har starta

    Publisert

    - Ei samanslåing er avhengig av støtte frå fagleg tilsette, sa styremedlem Harald Kjølås då han innleidde Volda si diskusjonsrunde om høgskulesamarbeidet.