Forbetring av bachelor, master og andre oppgåver
Her kan du lese meir om kva moglegheiter ein har til å forbetre master- og bacheloroppgåver og andre oppgåver.
Bachelor- og masteroppgåver
Ved karakteren F eller ikkje stått, kan ein student levere bachelor- eller masteroppgåva på nytt ein (1) gong i løpet av dei to påfølgjande semestera. For at ein skal få levere bachelor- eller masteroppgåve på nytt, må oppgåva vere heilt ny, eller så omarbeidd at den kan reknast som ei ny oppgåve. Det må avklarast med emneansvarleg og/eller rettleiar kva endringar som må gjerast for at oppgåva skal kunne reknast som ny eller omarbeidd.
Ved ny innlevering pliktar du som student å setje deg inn i reglar for bruk av tidlegare innleverte arbeid. Sjå retningslinjer om fusk her.
Ei omarbeidd oppgåve må enten stille og gi svar på nye problemstillingar, og/eller:
- Trekke inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller
- Foreta ei vesentleg endra analyse og tolking av den opphavlege empirien
Du kan bruke oppmeldingsskjemaet for kontinuasjonseksamen. Her skriv du inn kva endringar du planlegg å gjere. Skjema må sendast inn innan dei fastsette fristane for semesteret.
Dersom du trekk deg frå innlevering etter trekkfristen for eksamen, eller ikkje leverer, vil det bli registrert som "ikkje møtt". Dette tel som eit eksamensforsøk. Du vil då kunne levere oppgåva ein (1) gong til sensur i løpet av påfølgjande semester. Det vert ikkje gitt eit nytt forsøk i samsvar med det som står i avsnittet over dersom sensurvedtaket i påfølgjande semester vert karakteren F/ ikkje stått.
Det er normalt ikkje høve til å levere ny bachelor- eller masteroppgåve dersom oppgåva er bestått.
I særskilde høve kan ein student som har fått bestått resultat, etter søknad få lov til å skrive ei ny oppgåve éin gong. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar skal telje med i vurderinga av søknaden.
Søknaden bør minst innehalde:
- Studenten sin grunn og motivasjon for å ville levere ei ny oppgåve
- Studenten sin plan for å forbetre resultatet
- Særskilde tilhøve som har gjort at studenten ikkje har oppnådd ønskeleg resultat
Korleis søkje om å levere ny oppgåve ved bestått resultat?
- Levere søknad til eksamen@hivolda.no, som vil handsame søknaden i samråd med det aktuelle fagmiljøet.
- Søknad må leverast innan gjeldande frist (1. september eller 1. februar), og ein må melde seg opp til ny eksamen i Studentweb.
Ny sensur ved bachelor- og masteroppgåver
Ved vurdering av forbetra oppgåve kan heile karakterskalaen nyttast, og kommisjonen skal ikkje gjevast informasjon om tidlegare resultat på oppgåva.
Dersom oppgåva tidlegare har fått F skal det, om det er praktisk mogleg, setjast ny kommisjon.
Andre oppgåver – semesteroppgåve m.fl
Du har normalt tre eksamensforsøk på kvar eksamen. Ved forbetring av ei bestått eller ikkje-bestått er det likevel nokre retningslinjer du må følgje.
Ved forbetring av semesteroppgåver eller andre større oppgåver med individuelt utforma problemstilling (til dømes fordjupingsoppgåver eller andre oppgåver på 15 studiepoeng eller meir), må du levere ei heilt ny oppgåve eller ei oppgåve som er så omarbeidd at ho kan reknast som ny. Det må gjerast vesentlege endringar av den opphavlege oppgåva. Dette kan til dømes innebere at oppgåva:
- Inneheld svar på nye problemstillingar
- Bruk av nytt empirisk materiale (kjelder/data)
- Inneheld ei vesentleg endra analyse og tolking av den opphavlege empirien
Kva må ein gjere for å kunne forbetre ei semesteroppgåve/ andre større oppgåver med individuelt utforma problemstilling?
- Melde deg opp til ny eksamen innan gjeldande frist (1. september eller 1. februar).
- Ein må kontakte emneansvarleg eller rettleiar for å avklare bruk av allereie innlevert oppgåve, og for å få ei fagleg avklaring på kva som må endrast for at oppgåva skal reknast som ein forbetra versjon.
- Ved ny innlevering pliktar du som student å setje deg inn i reglar for bruk av tidlegare innleverte arbeid. Sjå retningslinjer om fusk her.
Gruppeoppgåver
Ved gruppeoppgåver er det ikkje mogleg å levere individuelt forbetra versjon. Dette gjer at ei eventuell forbetring må gjerast samla av heile gruppa.
Studentane må melde seg opp til ny eksamen innan gjeldande frist (1. september eller 1. februar). Studentane må også kontakte emneansvarleg for å avklare bruk av allereie innlevert oppgåve, og få ei fagleg avklaring på kva som må endrast for at oppgåva skal reknast som ein forbetra versjon.
Mappeeksamen
Kva må ein gjere for å kunne forbetre ein mappeeksamen?
- Melde deg opp til ny eksamen innan gjeldande frist (1. september eller 1. februar).
- Ein må kontakte emneansvarleg for å avklare bruk av allereie innlevert studentarbeid, og få ei fagleg avklaring på kva del som må endrast for at mappeeksamen skal reknast som ein ny eksamen.
- Ved ny innlevering pliktar du som student å setje deg inn i reglar for bruk av tidlegare innleverte arbeid. Sjå retningslinjer om fusk her.
Søknad om fjerde forsøk på eksamen
Ein student som ikkje har bestått ein eksamen etter tre forsøk, kan i særlege tilhøve søke om dispensasjon for eit fjerde eksamensforsøk. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar kan telje med i vurderinga av søknaden.
Søknaden bør minst innehalde:
- Studenten si eiga vurdering av studieprogresjonen
- Studenten sin plan for å forbetre studieprogresjonen, inkludert refleksjonar rundt kva studenten må gjere annleis for å kunne bestå emnet
Søknaden skal rettast til eksamen@hivolda.no. Studenten sin søknad og studenten sin generelle studieprogresjon vil telje med i den totale vurderinga på om eit fjerde forsøk vert innvilga i det aktuelle emnet. Søknaden blir vurdert av Studieadministrasjonen i samråd med det aktuelle fagmiljøet. Dersom eit fjerde forsøk vert innvilga kan det stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre obligatoriske aktivitetar på nytt.
Frist for å forbetre ei bestått oppgåve
Dersom det er lenge sidan ein har avlagt eksamen og fått ein karakter må det gjerast ei individuell vurdering av om ein kan få forbetre karakteren. Dette er fordi pensum, forkunnskapskrav, prøvingsform m.m. kan ha vorte endra.
Dersom ein skal forbetre ei oppgåve må ein følgje gjeldande emneplan. Dette kan bety at ein må levere nye arbeidskrav for å kunne levere ny oppgåve.
Ny sensur – semesteroppgåver m.fl.
Ved vurdering av en slik oppgåve kan heile karakterskalaen nyttast, og kommisjonen skal ikkje gis informasjon om at oppgåva tidlegare har fått F og at vedkommande kandidat har brukt ekstra tid. Om det er praktisk mogleg skal det setjast ein ny kommisjon.
Munnleg justerande eksamen
Når det er klart at ein har stroke på oppgåva, skal ikkje ein eventuell munnleg justerande eksamen gjennomførast. Dersom ein klagar på karakteren, gjeld retten til omarbeiding berre dersom klagekommisjonen opprettheld strykkarakteren. Får ein medhald i klaga på oppgåva, skal munnleg justerande eksamen gjennomførast på vanleg måte.
Rettleiing
Ein har ikkje krav på ny rettleiing ved forbetring av bachelor-, master-, semester-, eller andre større oppgåver med individuelt utforma problemstilling.
Behovet for meir rettleiing på bachelor- og masteroppgåver vurderast i samband med din søknad om innlevering av ny/omarbeidd oppgåve.
Avdelinga v/ dekan avgjer om ein skal få ytterlegare rettleiing, og kor mykje meir rettleiing ein eventuelt kan få.
Forbetra versjon – fusk
Dersom ein har fått ei bachelor-, master-, eller anna større oppgåve annullert for fusk, kan ein ikkje levere forbetra versjon av oppgåva med same problemstilling. Ein må da skrive ei ny oppgåve.