Opptak til studium
Sist oppdatert 25. februar 2026.
Her kan du lese om korleis søkarar vert rangert og kva krav som vert stilt til opptak ved Høgskulen i Volda.
Generell studiekompetanse
Reglane for generell studiekompetanse finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 3-1 1. ledd, og i Forskrift om opptak til høgare utdanning kapittel 2.
Generell studiekompetanse er den vanlegaste vegen til høgare utdanning og gjer deg kvalifisert til å studere ved universitet og høgskular. Dei vanlegaste måtane å oppnå generell studiekompetanse på, er:
- Fullført 3-årig vidaregåande opplæring
- Fullført yrkesfagleg vidaregåande opplæring med påbygg
- 23/5-regelen
Det er òg mogleg å oppnå generell studiekompetanse dersom du har fullført:
- Ei godkjend fagskuleutdanning
- Ei godkjend utanlandsk utdanning
- Eit universitets- eller høgskulestudium
Du kan lese meir om kva som gir generell studiekompetanse på samordnaopptak.no.
Utdanning frå utlandet
For å søkje opptak til universitet og høgskular i Noreg, må du dokumentere at du oppfyller krava til generell studiekompetanse og at du har tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk språk. Krava finn du i GSU-lista.
Språkkravet i norsk gjeld ikkje søkjarar frå andre nordiske land med utdanning som gir generell tilgang til høgare utdanning i heimlandet. Du finn meir informasjon om krava som gjeld for opptak til studium i Noreg på samordnaopptak.no.
Spesielle opptakskrav
Reglane for spesielle opptakskrav finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 3-1 2. ledd, og i Forskrift om opptak til høgare utdanning kapittel 4.
Nokre studium har spesielle opptakskrav, i tillegg til generell studiekompetanse. Dette kan til dømes vere opptaksprøver, krav om bestemte fag eller krav om relevant arbeidserfaring.
Du finn opptakskrava for dei ulike studia på hivolda.no. Du kan lese meir om spesielle opptakskrav på samordnaopptak.no.
Realkompetanse
Reglane for opptak på grunnlag av realkompetanse finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 3-11, Forskrift om opptak til høgare utdanning § 3-1 og i Universitets- og høgskulelova § 8-2.
Frist for søknad om realkompetanse
Fristen for å søkje om realkompetanse er:
- 1. mars for haustopptaket
- 1. desember for våropptaket.
Søknadar som kjem inn etter fristen, vert berre handsama dersom det er kapasitet.
Søkje på andre studium eller lærestad med godkjend realkompetanse
Godkjend realkompetanse i eitt studium betyr ikkje automatisk godkjenning for andre studium. Godkjenninga gjeld berre for eitt særskilt studium ved ein bestemt lærestad. Det er ikkje mogleg å søkje om bytte av studium eller lærestad på grunnlag av godkjent realkompetanse frå eit anna studium.
Dersom du har fått opptak til same studium på bakgrunn av realkompetanse meir enn tre gongar, og du ikkje har fullført emne, vil du ikkje få opptak til same studium på bakgrunn av realkompetanse.
Realkompetanse til bachelorgrad, årsstudium eller femårig integrert mastergrad
For å bli vurdert på grunnlag av realkompetanse må du:
- mangle generell studiekompetanse
- fylle 25 år eller meir i opptaksåret
- ha minimum eitt år vidaregåande skule utover grunnskulen
- kunne dokumentere fem års praksis, der minst tre år må vere relevant for studiet
- kunne dokumentere tilstrekkelege ferdigheiter i norsk og engelsk
Opptak på grunnlag av realkompetanse er ei individuell vurdering av søkjaren si kompetanse. Er du 25 år eller eldre og manglar generell studiekompetanse, kan du bli vurdert som kvalifisert til eit bestemt studium dersom du gjennom arbeid, utdanning eller annan praksis kan dokumentere at du har dei nødvendige føresetnadene for å gjennomføre studiet.
Utdjuping av faglege krav
Norskkrav:
- det er krav om norskkunnskapar minimum på vg2-nivå frå yrkesfagleg utdanningsløp (tilsvarande 112 årstimar i Kunnskapsløftet eller 4 veketimar i Reform94). Faget må vere bestått med karakteren 2 eller betre.
Engelskkrav:
- det er krav om engelskkunnskapar minimum på vg1-nivå frå yrkesfagleg utdanningsløp (tilsvarande 84 årstimar i Kunnskapsløftet eller 2 veketimar i Reform 94). Faget må vere bestått med karakteren 2 eller betre.
Anna utdanning eller dokumentasjon av språklege ferdigheiter kan bli godkjend som likeverdige.
Søkjarar med utdanningsbakgrunn frå land utanfor Norden må dokumentere norsk og engelsk på nivå med generell studiekompetanse.
Praksis
For å bli vurdert på grunnlag av realkompetanse må du dokumentere fem års praksis på fulltid (deltidsarbeid blir rekna om til fulltid). Du må minimum ha tre års arbeidspraksis frå offentleg eller privat verksemd innan fagområde som er relevante for det studiet du har søkt.
Inntil to av dei fem åra kan erstattast av:
- relevant utdanning eller kurs
- relevant uløna arbeid (tillitsverv, organisasjonsarbeid m.m.)
- omsorg for eigne barn (kan telje med inntil eitt år)
- militærteneste (førstegongsteneste, kan telje med inntil eitt år)
Du dokumenterer arbeidspraksis med ein attest der både varigheit og omfang (i timar per veke eller stillingsprosent) kjem fram.
Sensitive personopplysningar skal ikkje lastas opp i søknaden. Dette skal du sende via sikker elektronisk post, levere fysisk i Studentsørvis eller sende som brev i posten.
Du sender sikker elektronisk post ved å søkje opp «Høgskulen i Volda» eller organisasjonsnummer 974 809 672 i mottakarfeltet i tenesta du bruker (Digipost eller e-Boks). Brev merkast med «Opptak» og sendast til: Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
Studiespesifikke fagkrav og døme på praksis

Realkompetanse til mastergrad og vidareutdanning
Dersom du er 25 år eller eldre, og ikkje oppfyller kravet om fullført bachelorgrad (180 studiepoeng), kan du få opptak til masterstudium dersom du på grunnlag av realkompetanse kan dokumentere dei nødvendige kvalifikasjonane for eit studium. Opptakskrava går fram av dei ulike emne- og studieplanane.
Høgskulen i Volda vurderer kvalifikasjonane dine med omsyn til det emne/faget du ønskjer å studere. Det er viktig at du har dei faglege føresetnadane som skal til for å gjennomføre studiet utan å ha fullført ei bachelorgrad.
For opptak på grunnlag av realkompetanse til masterstudium eller vidareutdanning må du dokumentere kompetanse som er på same nivå som det formelle opptakskravet. Du må òg kunne dokumentere relevant praksis som inngår i opptakskravet. Alle som søkjer om opptak på grunnlag av realkompetanse, må oppfylle minimumskrava.
Utdjuping av faglege krav
Du må dokumentere minst to år (120 studiepoeng) relevant høgare utdanning. Dersom det er krav om eit bestemt karaktersnitt frå formell utdanning, må du dokumentere eit tilsvarande snitt.
Du må òg dokumentere relevant praksis dersom dette er ein del av opptakskrava. Sjå opptakskravet for det aktuelle studiet.
Praksis
For å erstatte eit års studium med realkompetanse, må du kunne dokumentere relevant arbeidserfaring som er godkjend og svarar til fulltidsstilling (100 %) i minst tre år. Dersom realkompetanse på grunnlag av arbeidserfaring skal erstatte delar av opptaksgrunnlaget for masterstudium, må arbeidserfaringa vere frå leiarstillingar eller andre stillingar med sjølvstendig ansvar.
Korleis blir søkjarar rangert og vurdert til realkompetanse?
Høgskulen vurderer kvar enkelt søkjar på individuelt grunnlag og dannar seg eit heilskapleg bilete av faglege føresetnader for å fullføre utdanninga på det nivået du har søkt opptak til. Vedtak blir gjort i samråd med fagleg ansvarleg eller i opptakskomité for kvart studium.
Du kan bli kalla inn til intervju eller opptaksprøve.
Ved rangering blir det lagt vekt på:
- omfang av relevant praksis og utdanning i høve til studiet du søkjer på
- studiekompetansefag og karakterar
- motivasjonen din og eiga vurdering av kva studiet vil krevje
- grunngjevinga di for kvifor du meiner du kan gjennomføre studiet
- omfang av annan relevant praksis
I spesielle tilfelle kan ein søkjar få opptak sjølv om ikkje alle vilkåra er oppfylte.
Dersom du får godkjend realkompetanse for eit studium gjennom Samordna opptak, men ikkje får tilbod om studieplass i hovudopptaket, blir du sett på venteliste. Eventuelle tilbod til dei på ventelista skal vurderast opp mot andre søkjargrupper.
Poengutrekning og rangering
Reglane for poengutrekning og rangering finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 3-12, og i Forskrift om opptak til høgare utdanning kapittel 7.
Rangering av søkjarar til bachelorgradar, årsstudium og integrerte femårige masterprogram
For bachelorgradar, årsstudium og integrerte femårige masterprogram ligg karakterane frå vidaregåande til grunn for poengutrekninga. Karaktersnittet blir rekna om til karakterpoeng. Deretter blir det lagt til poeng for mellom anna realfag og tilleggspoeng.
Du kan lese meir om poengberekning på Samordna opptak sine sider.
Rangering av søkjarar til Norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar (NIS)
Søkjarar til NIS vert ikkje poengutrekna, men vurderte av ein opptakskomité. Opptakskomiteen rangerer søkjarane på grunnlag av landbakgrunn og utdanningsbakgrunn. Komiteen skal bestå av éin representant frå opptak og fagansvarleg for NIS .
Ved rangeringa skal det leggjast vekt på å sikre eit mangfald i studentgruppa. Dersom det ligg føre fleire søkjarar frå same land, vil ei breidde i utdanningsbakgrunn vere avgjerande for rangeringa.
Halvparten av studieplassane ved NIS er kvoterte for søkjarar frå land utanfor EU/EØS og Sveits. Dersom desse plassane ikkje vert fylte, kan dei tilbydast søkjarar frå EU/EØS.
Rangering av søkjarar til mastergradar og vidareutdanningar
Til masterstudium og vidareutdanningar blir poengutrekning og rangering gjort på grunnlag av gjennomsnittskarakterar frå fullført og bestått grunnutdanning. Krav om minimum gjennomsnitt C svarar til minimum 2,5 karakterpoeng.
Omrekning av karakterar frå grunnutdanninga blir gjort etter ein gradert skala, som vist nedanfor:
Det kan bli gitt tilleggspoeng for relevant praksis og fullført høgare utdanning utover opptakskravet. Dette går fram av gjeldande studieplan for studieprogrammet du søkjar på.
PPU allmennfag
Reglane for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 3-9, Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning § 6 og Forskrift om rammeplan for yrkesfaglærerutdanning for trinn 8-13, §5.
Søkjarar som blir tatt opp til praktisk-pedagogisk utdanning på bakgrunn av fullført mastergrad med minst eitt relevant fag som gir undervisingskompetanse, får tilbod om fagdidaktikk i undervisningsfaget med flest studiepoeng.
Som eit midlertidig unntak frå masterkravet kan du bli tatt opp på bakgrunn av fullført bachelorgrad på eitt av følgjande grunnlag:
- Bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag
- Bachelorgrad i praktiske og estetiske fag med minimum 120 studiepoeng i faget og minst snittkarakter C (3,0) i graden
- Bachelorgrad og minst 60 studiepoeng i eitt relevant undervisningsfag, og minst to års relevant praksis frå skuleverket
- Bachelorgrad i teiknspråk og tolking (døvetolkutdanning) med minst 80 studiepoeng i teiknspråk. Du må i tillegg ha minimum 60 studiepoeng i eitt anna undervisningsfag. Det er krav om snittkarakter C (3,0) eller betre frå bachelorgraden
Søkjarar som har fleire undervisningsfag på minimum 60 studiepoeng, kan få tilbod om spesifikk fagdidaktikk i inntil to fag. Dette er avhengig av om HVO gir tilbod om fagdidaktikk i faget, om du ønskjer det, og om det er praktisk mogleg.
Rangering av søkjarar til PPU allmennfag
Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag vert søkjarar rangert slik:
- Søkjarar med fullført mastergrad/hovudfag og minst to relevante undervisningsfag
- Søkjarar med fullført mastergrad/hovudfag med eitt relevant undervisningsfag på minst 60 studiepoeng
- Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og fleire relevante undervisningsfag på minst 60 studiepoeng
- Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og minst eitt relevant undervisningsfag på 60 studiepoeng
Søkjarar vert rangert på grunnlag av eit vekta gjennomsnitt av alle karakterar frå opptaksgrunnlaget. Søkjarar i kategori 3 og 4 kan i tillegg få eitt poeng per år for dokumentert relevant arbeidspraksis, med inntil fem ekstrapoeng.
Søkjarar med tilsetjing på vilkår om å fullføre PPU kan prioriterast ved opptak.
PPU yrkesfag
Reglane for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 3-9, Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning § 6 og Forskrift om rammeplan for yrkesfaglærerutdanning for trinn 8-13, §5.
Du kan bli teken opp til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for yrkesfag på eitt av følgjande tre grunnlag:
- Fullført femårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervising på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, til dømes fagskule eller høgare utdanning.
- Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant arbeidspraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervising på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, til dømes fagskule eller høgare utdanning.
- Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning og minimum fire års arbeidspraksis. To år av læretida kan inngå i praksiskravet. Lengre arbeidspraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.
Realkompetanse til PPU yrkesfag
Viss du har fag-/sveinebrev og lang yrkespraksis, men manglar generell studiekompetanse eller yrkesteoretisk utdanning, kan du bli vurdert for realkompetanse. Du kan som hovudregel berre bli vurdert for eitt av krava.
Dette kan gjelde for yrkesfaglege profilar utan tilbod om yrkesteoretisk utdanning. Det kan og gjelde dersom du har minst tre år (kjem i tillegg til minstekrav om fire år yrkespraksis, inklusiv læretid) med erfaring frå ei eller fleire av følgande arbeidsoppgåver/ansvarsområde:
- Prosjektleiing
- Fagleg leiar/Bas
- Opplæring i bedrift/deltaking i læreplangruppe for opplæring
- Deltaking i fagprøvenemnd/sveinebrevnemnd/klagenemnd
- Aktiv deltaking i faglege nettverk og faglege interesseorganisasjonar
- Instruktør eller fagleg ansvarleg i lærebedrift og opplæringskontor/opplæringsring
- Ulike sertifikat og kurs
- Djupnekompetanse gjennom deltaking i ulike fagkonkurransar og liknande.
- Utviklingsarbeid i arbeidslivet i samarbeid med UH-institusjon.
- Skuleutviklingsprosjekt
- Sjølvstendig næringsdrivande
- Annan tilsvarande og relevant kompetanse og erfaring.
For å bli realkompetansevurdert må ein ha yrkespraksis utover minstekravet på 4 år, og møte alle andre krav.
I realkompetansevurdering blir det lagt vekt på omfang og nivå på yrkespraksis, og omfang og relevans av utdanning. For å få opptak må kompetansen vurderast til å vere likeverdig med søkarar som får tilbod etter ordinære rangeringsreglar.
Realkompetansevurderinga gjeld for søknad om opptak, og er ikkje bindande for tilsetting. Sjå UDIR sine sider for informasjon om tilsetting- og kompetansekrav.
Rangering av søkjarar til PPU yrkesfag
Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag blir du rangert slik:
- Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med relevant undervisingsfag for vidaregåande skule
- Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og med relevant undervisingsfag for vidaregåande skule
- Søkjarar som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minst to års arbeidspraksis. Studentane i denne gruppa vert prioriterte etter utdanning og arbeidspraksis.
Søkjarar vert rangert på grunnlag av eit vekta gjennomsnitt av alle karakterar frå opptaksgrunnlaget.
Søkjarar med tilsetjing på vilkår om å fullføre PPU kan prioriterast ved opptak.
Reservasjon av studieplass
Reglane for reservasjon av studieplass finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 3-15.
Til grunnstudier gjennom Samordna Opptak kan du søkje om reservert studieplass i inntil to år dersom det oppstår tungtvegande grunnar som gjer at du ikkje kan starte på gitt tidspunkt. Dette kan til dømes vere innkalling til militærteneste, fødsel, adopsjon, sjukdom eller andre tungtvegande årsaker.
Søknaden sender du til Høgskulen i Volda, og du må legge ved dokumentasjon som syner kvifor du ønskjer å reservere plassen. Dette kan til dømes vere legeattest eller tenesteinnkalling. Skal du reservere studieplassen din, må du:
- takke ja til studietilbodet innan svarfristen
- sende søknaden om reservasjon innan tre veker etter at du fekk tilbodet
Du søkjer om å reservere studieplassen ved å fylle ut og sende inn nettskjemaet som ligg på nettsida til høgskulen.
Når søknaden din er innvilga, er du garantert studieplassen dersom du:
- søkjer på same studium innan søknadsfristen
- takkar ja til studietilbodet innan svarfristen det året du fekk studieplassen reservert til
Reservert studieplass blir innvilga under føresetnad av at studiet blir tilbydd på nytt. Du kan ikkje søkje om å reservere studieplassen viss du har fått opptak på vilkår (betinga opptak).
Tidleg opptak
Reglane for tidleg opptak finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 3-13.
For studium som er organiserte gjennom Samordna opptak, finn du informasjon om tidleg opptak på samordnaopptak.no.
Du kan søkje om tidleg opptak til haustsemesteret i lokalt opptak innan 1. mars, når følgjande vilkår er oppfylte på søknadstidspunktet:
- Du oppfyller opptakskrava og ville ha kome inn med god margin ved føregåande opptak
- Du har eit dokumentert behov for tidlegare svar på søknaden om studieplass
I det lokale opptaket kan ein søkje om tidleg opptak til masterprogram med 90 studiepoeng eller meir.
Dokumentasjonskontroll
Reglane for dokumentasjon finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 3-5.
Du pliktar å vise fram originaldokumentasjon på oppmoding. Kvart år kontrollerer vi tilfeldige studentar. Dersom du blir plukka ut, får du beskjed om dette på e-post. Det er viktig å vere klar over at du sjølv har ansvar for at all dokumentasjon du sender inn er korrekt.
Dersom du ikkje leverer originaldokumentasjon innan oppgitt frist, kan du miste studieplassen. Forfalsking av dokumentasjon blir ramma av Straffelova § 361 første ledd, bokstav a og b, og vil alltid bli meldt til politiet.
Klage og grunngjeving
Reglane for klage og grunngjeving finn du i Forvaltningslova kapittel VI og § 24.
Dersom du har fått avslag på søknaden om opptak, har du krav på grunngjeving. Krav om grunngjeving må fremjast innan tre veker etter at du har motteke beskjed om vedtaket.
Du har vidare rett til å klage på vedtak om avslag. Klaga må fremjast innan tre veker etter at du er gjort kjend med avslaget. Dersom du har bedt om grunngjeving for vedtaket, er klagefristen tre veker etter at du tek i mot grunngjevinga.
Klaga kan rettast til Høgskulen i Volda, anten på e-post til sok@hivolda.no eller per post til Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda.