Studentsørvis

Total 1321 results

  • Var med på spørjeundersøking: Vann iPod

    Artikkel

    Var med på spørjeundersøking: Vann iPod

    Publisert

    Etter semesterstarten i fjor haust vart mange nye studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) inviterte til å ta del i ei spørjeundersøking om studieinformasjon, sørvis og mottak av nye studentar. Elisabeth Øie Nordhagen (1. barnevern) vart i førre veke trekt ut som den heldige vinnaren av den utlyste premien: ein iPod classic.

  • Stem fram spelemannspris frå Volda

    Artikkel

    Stem fram spelemannspris frå Volda

    Publisert

    Voldajenta Beate Slettevoll Lech og jazzbandet Beady Belle er nominert i klassen for beste musikkvideo i Spelemannsprisen for 'Self-fulfilling'. Videoen er laga av Lasso film, eit nystarta animasjonsstudio i Volda leia av tidlegare student ved høgskulen, Linda Fagerli Sæthren, som fekk mykje merksemd for eksamensfilmen 'Janus' frå Høgskulen i Volda. No treng dei di stemme for å vinna prisen!

  • Føredrag om Den eventyrlege seglasen – tre år til verdas utpostar

    Artikkel

    Føredrag om Den eventyrlege seglasen – tre år til verdas utpostar

    Publisert

    Tysdag 27. januar kl. 19.00 kjem eventyraren Audun Hetland til Høgskulen i Volda for å halda eit føredrag om sin eventyrlege seglas over Atlanteren, til Antarktis, rundt Stillehavet og tilbake langs Alaska og over til Grønland saman med to studentkompisar. Den fantastiske turen vart kjent gjennom TV-serien på TV2, og føredraget i Volda er ope for alle interesserte.

  • Gjesteførelesar frå Málaga om 'al-Andalus' (NB: NY TID)

    Artikkel

    Gjesteførelesar frå Málaga om 'al-Andalus' (NB: NY TID)

    Publisert

    Onsdag 21. januar er professor José Enrique López de Coca Castañer gjesteførelesar i fagemnet 'al-Andalus' under masterprogrammet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda, melder Historisk institutt. Tema er dei siste mauriske samfunna i iberisk mellomalder og nasrid-kongedømet i Granada.

  • Nye internasjonale studentar i Volda

    Artikkel

    Nye internasjonale studentar i Volda

    Publisert

    Det har aldri vore så mange nye internasjonale studentar i Volda som nett dette vårsemesteret - nærare 40 stk. Dei kjem frå landa Latvia, Romania, Tsjekkia, Tyskland, Lithauen, Tyrkia, Finland, Spania, Nord-Irland, Østerrike, Frankrike og Bulgaria.

  • Rådgjevarsamlinga 2009 onsdag 14. januar

    Artikkel

    Rådgjevarsamlinga 2009 onsdag 14. januar

    Publisert

    - Rådgjevarar som jobbar med utdanning og yrkesrettleiing er velkomne til rådgjevarsamlinga i Volda 14. januar 2009, melder Torill Engeseth ved Informasjonskontoret ved Høgskulen i Volda. Den årlege rådgjevarsamlinga vert arrangert som eit samarbeidsprosjekt mellom høgskulane i Molde, Ålesund og Volda.

  • Har du lyst til å designe en fredspris?

    Artikkel

    Har du lyst til å designe en fredspris?

    Publisert

    27.februar vil Studentenes Fredspris 2009 bli delt ut for sjette gang. Denne prisen deles ut på vegne av alle norske studenter til en student eller studentorganisasjon som har gjort en spesiell innsats for fred, demokrati eller menneskerettigheter.

  • Ulike fagfelt – lik mastergradsutdanning

    Artikkel

    Ulike fagfelt – lik mastergradsutdanning

    Publisert

    Fredag 19. desember var Gerd Skjong, Lars Andre Olsen, Kristoffer Ciemski og Inger Hilde Hagen ferdig med mastergradsutdanning i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering. Med bakgrunn som sjukepleiarar og sosialarbeidarar er problemstillingane i masteroppgåvene ulike, men fellesnemnar for alle fire er fokuset på meistring og myndiggjering.

  • Tettare samarbeid med Tsjekkia og Polen

    Artikkel

    Tettare samarbeid med Tsjekkia og Polen

    Publisert

    Høgskulen i Volda er mellom dei fremste i landet når det gjeld studentmobilitet. Dei siste semestra har talet på innreisande Erasmus-studentar til Volda nærast eksplodert og gjetorda om Volda som studiestad spreier seg over Europa. Sist veke var høgskulelektor Sissel Midtlid, førstelektor Thomas Lewe, internasjonal koordinator Kjell Holby og leiar av internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen inviterte til Tsjekkia og Polen til fem av samarbeidspartnarane.

  • Seminar: Saman om omsorg for barn 2009

    Artikkel

    Seminar: Saman om omsorg for barn 2009

    Publisert

    Institutt for sosialfag og førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda arrangerer seminaret ”Saman om omsorg for barn” – forkorta til SOM-seminaret 2009. Høgskolelektor Anne Marie Verpe fortel at arrangementet er lagt opp som fagdagar for studentar over fire dagar. – Seminaret vekslar mellom faglege innlegg ved representantar både frå praksisfeltet og høgskulesektoren, og gruppearbeid for deltakarane.