Visuell programmering for lærarar - vidareutdanning (nettstudium, deltid)
Studiet gir lærarar grunnleggande kompetanse i tekstbasert programmering og algoritmisk tenking, med særleg vekt på didaktisk bruk i skulen. Studenten skal utvikle ferdigheiter i å bruke tekstbaserte programmeringsmiljø som læringsverktøy for å stimulere kreativitet, problemløysing og tverrfagleg læring hos elevar. Studiet er praksisnært og retta mot utvikling av eigen undervisning og fagleg utvikling. Studiet er tilrettelagt for lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram.
Studenten har:
- kunnskap om sentrale omgrep og konsept innan tekstbasert programmering
- kunnskap om algoritmar og program i tekstbasert programmering
- innsikt i korleis tekstbasert programmering kan støtte utvikling av grunnleggande ferdigheiter og opplæringas verdigrunnlag hos elevar
- forståing for overgang mellom visuell og tekstbasert programmering
- innsikt i didaktiske modellar for bruk av programmering i undervisning
- gjere greie for algoritmisk tenking (computational thinking) relatert til undervisning.
Studenten kan:
- utforme og strukturerer algoritmar og program med løkker, variablar, kontrollstrukturar og funksjonar ved hjelp av tekstbaserte programmeringsmiljø
- anvende utviklingsmetodar for å effektivisere og forbetre kode
- utvikle og tilpasse program relatert til eigen undervisning
- planleggje, gjennomføre, og evaluere undervisningsopplegg med tekstbasert programmering
- vurdere og rettleie elevar som nyttar tekstbaserte programmeringsmiljø.
Studenten kan:
- reflektere kritisk over eigen praksis og bruk av programmering i undervisning
- samarbeide om utvikling av programmeringsopplegg
- bidra til innovativ bruk av digitale verktøy i skulen
- vurdere etiske og pedagogiske aspekt ved bruk av teknologi i læring.
Studiet er organisert som eit nettstudium. Arbeidsmåtar som vert nytta er til dømes: videoressursar, praktiske øvingar, prosjektarbeid, refleksjonsnotat, erfaringsdeling og rettleiing frå faglærar.
| Emne | 2026 Haust | 2027 Vår |
|---|---|---|
| 7.5 | 7.5 | |
| Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Studenten må også ha tilgang til utstyr knytt til prototyping med mikrokontrollerar. Naudsynt utstyr vert gjort kjent ved semesterstart.
Som del av studiet vil ein måtte jobbe med mikrokontrollerar, som for eksempel Micro:bit. Studenten må ha tilgjengeleg eit sett med Micro:bit og enkelt tilleggsutstyr. Aller best er det om arbeidsplassen stiller med utstyr av denne typen som kan takast i bruk i undervisning. Kontakt studieprogramansvarleg ved spørsmål.