Spesialpedagogikk i barnehagen
Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.
Studiet set søkelys på eit inkluderande læringsmiljø i barnehagen gjennom tilpassing og meistring for barn med ulike føresetnadar. Studiet omhandlar kunnskap om å legge til rette for eit allmennpedagogisk tilbod av god kvalitet for barn som treng spesialpedagogisk hjelp. Tematikken blir sett på ut frå både eit individ- og systemperspektiv. Kunnskap om foreldresamarbeid og tverrprofesjonelt arbeid inngår også. Samanhengar mellom åtferd og læringsmiljø er sentrale tema, samt kunnskap om implementering for å legge til rette for og gjennomføre relevante endringsprosessar.
Det er mogleg å søke innpass for studiet Spesialpedagogikk i barnehagen, som ein del av Master i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Kandidaten skal ha:
- inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering og tidleg innsats.
- omfattande kunnskap om spesialpedagogiske problemstillingar og endringsarbeid
- grundig kunnskap om tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid, i tillegg til samarbeid med heimen
Kandidaten kan:
- analysere og vurdere perspektiv på læringsmiljø i eit inkluderande fellesskap
- identifisere, analysere og legge til rette tiltak ut frå enkeltbarn og gruppa sine behov og føresetnadar
- skape vilkår for førebygging av vanskar knytt til åtferd
Kandidaten kan:
- vurdere betydninga av inkluderande og likeverdige vilkår for utvikling og læring
- vurdere eigen yrkespraksis og kunne gjennomføre endringsprosessar med utgangspunkt i det spesialpedagogiske forskingsfeltet
Studiet er samlingsbasert med inntil tre fysiske samlingar à to dagar per semester. Arbeidsmåtane vil variere mellom forelesning og anna undervisning på campus og nett, seminar og workshops, gruppeoppgåver og individuelle oppgåver.
| Emne | 2026 Haust | 2027 Vår |
|---|---|---|
| 15 | 15 | |
| Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon