Vidareutdanning (bachelornivå)
Ernæring og fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet og ernæring er sentralt i både idrett, daglegliv og arbeid for å fremje folkehelse. I dette emnet får du ei innføring i ernæring knytt til fysisk aktivitet, prestasjon, helse og trivsel.
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 15
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026
Studiet har løpande opptak.
I dette emnet vil det være fokus på mellom anna:
- Samanheng mellom ernæring, trening, helse og prestasjon.
- Energiomsetning og energiforbruk under fysisk aktivitet.
- Nærings- og væskebehov ved fysisk aktivitet.
- Ernæring, trening og immunsystemet
- Ernæringsmessige utfordringar innan idrett.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Emnet er eit nettstudium og blir gjennomført på digital læringsplattform. Det blir gitt innspelt undervisning til kvar modul. Det er derfor ingen faste eller obligatoriske samlingspunkt og er såleis eit fleksibelt studieprogram som passar godt for dei som ynskjer å kombinere jobb og studiar. Til kvar modul er det individuelle arbeidskrav som må vere godkjende før ein kan gå vidare til neste modul.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet gir etterspurt kompetanse innanfor ernæring og fysisk aktivitet. Det inngår i Bachelor i idrett og kroppsøving.
Pensum
Pensumlister finner du her

