Årsstudium i musikk er eit studium som gir eit praktisk og teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med musikk gjennom samspel, musikkformidling, musikkteori- og historie, arrangering, komponering og bruk av musikkteknologi. Studiet gir grunnleggande kompetanse for arbeid mellom anna i kultursektoren, grunnskulen, kulturskulen og SFO.
Framføringspraksis er ein viktig del av studiet, og du skal lære korleis du kan formidle musikk på varierte måtar. Som student skal du gjennom praktisk erfaring, utvikle god fagleg innsikt og evne til didaktisk og yrkesetisk refleksjon. Du får og ta del i eit aktivt og rikt musikkmiljø. Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental erfaring.
Vil du studere vidare?
Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, vil du få godskrive årsstudiet i Bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda.
Høgskulen i Volda har eige kor og symfoniorkester, profesjonelt musikkstudio og gode øvingslokale.
Innblikk i studiekvardagen
Laurdag 28. februar 2026 inviterte Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda heile bygda til ein open dag med flotte opplevingar. Familiar, framtidige studentar og sambygdingar fekk møte fagmiljøa innan design, kunst og handverk, idrett og friluftsliv, musikk, skodespel og scenekunst.
Vis mer
Sjå korleis studentane i musikk og kunstfag skaper kunst saman! Her har dei laga multimodale verk, der det å komponere med samspel mellom det visuelle og lydlege står sentralt. Tverrfaglege prosjekt våren 2025.
Vis mer
Kva skjer når dei tradisjonelle rollene som faglærar og student blir viska ut i samspelsgrupper? Institutt for musikk utforska nye perspektiv fram mot ein felles konsert – med lærerikt resultat.
Gjennom ei innhaldsrik musikkutdanning ved Høgskulen i Volda har Linn Risnes Hol (24) funne seg sjølv i livet. I eit kreativt musikkmiljø dyrkar ho hobbyen sin både på skule og fritid, og har allereie planen klar for kva ho vil bruke utdanninga til.
Ved Årsstudium i musikk får du ein variert kvardag. Undervisninga vekslar mellom førelesing, verkstadarbeid og arbeid i grupper eller individuelt. Studietur til Ole Bull-akademiet på Voss inngår i studiet. Du skal gjennomføre kurs i folkemusikk og ei veke med musikkdidaktisk praksis i grunnskulen.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudium i musikk er identisk med første året i Bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda. Du kan difor velge å studere vidare og fullføre bachelorgraden. Gjennom årsstudiet får du eit godt grunnlag for eit yrke innanfor skule- og kultursektoren, til dømes lærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør.
Studieplan
Musikk - årsstudium
Studieprogram:
Musikk - årsstudium
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
60
Studielengd:
2 semester
Kull:
2026
Studieplassar:
35
Studietype:
Årsstudium
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Om studiet
Årsstudium i musikk er eit studium som gir eit praktisk og teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med musikk gjennom samspel, musikkformidling, musikkteori- og historie, arrangering, komponering og bruk av musikkteknologi.
Studiet gir grunnleggande kompetanse for arbeid innan eit variert spekter av arbeidsplassar som kultursektoren, grunnskulen, kulturskulen, SFO og privat næring.
Årsstudiet er identisk med første året i bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for vidare studium i musikk. Det kan også vera ei vidareutdanning for både lærarar og barnehagelærarar eller inngå i ein fritt samansett bachelorgrad.
Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental erfaring.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar
Kandidaten
har oppdatert kunnskap om musikk i ein brei fagleg kontekst, og kjenner til musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar
har kunnskap om praktisk musikkteori og arrangering, og om komponering ved hjelp av musikkteknologi
har kunnskap om PA og mikrofonteknikk for utøvings- og innspelingssituasjonar
kjenner til sentrale musikkpedagogiske metodar og prosessar på ulike nivå
kjenner til aktuelle fag- og læreplanar knytt til musikkfaget i grunnskulen
Ferdigheiter
Kandidaten
kan formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
kan bruke eit valt fordjupingsinstrument og aktuelle bandinstrument i ulike framføringssituasjonar, og reflektere over eigne ferdigheiter
kan bruke relevant teknologisk utstyr og programvare i utøving og komponering
kan arrangere og tilpasse musikalsk materiale for ulike målgrupper
kan planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og grunngje faglege val
Generell kompetanse
Kandidaten
har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre
kjenner til relevant forsking- og utviklingsarbeid i faget
Organisering og arbeidsmåtar
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervising, samspel, og gruppediskusjonar.
Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom utformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesingar.
Vurderingsformene inkluderer skriftleg og praktisk arbeid, heimeeksamen og skuleeksamen.
Studiet har praksisprosjekt og det skal leverast politiattest.
Praksis
Inntil ei veke musikkdidaktisk praksis eller eit praktisk prosjekt i grunnskulen inngår i studiet.
Anna
Eit kurs i folkemusikk er ein obligatorisk del av studiet. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del i obligatoriske kurs, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.