Vidareutdanning (bachelornivå) Årsstudium
Norsk (nordisk)
Nettstudiet i norsk (nordisk) er retta mot deg som treng gode basiskunnskapar i språk og litteratur. Utdanninga høver godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring.
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium Heiltid
- Studiepoeng:
- 60
- Varigheit:
- Inntil 4 semester (2 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå) Årsstudium
- Søk frå:
- 01.11.2026
Studiet har løpande opptak.
Kva lærer du?
Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap:
- Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
- Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
- Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
- Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.
Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Det er tilrådd at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.
Vil du studere vidare?
Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, vil du få godskrive årsstudiet i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
Du vil også kunne få opptak til norsk fordjupingsstudium.
Meir informasjon om studiet
Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Studiet gir grunnlag for opptak på fordjupingsstudiet i norsk og vert godskrive Bachelor i språk og litteratur.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er nettbasert og består av digitale arbeidspakker med leksjonar, videoførelesingar og oppgåver, som studentane får tilgang til i e-læringssystemet Canvas. Gjennom oppgåveinnlevering med individuell rettleiing får studentane skrivetrening og øving i analyse av språk og tekst.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Studieplan - Deltid
Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid)
Studiet kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til Bachelor i språk og litteratur og Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Undervisninga i det nettbaserte årsstudiet blir gitt gjennom tekstlege leksjonar på nett og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten skal
- ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
- vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
Studenten skal
- vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar
Studenten skal
- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkvitskap og to i litteraturvitskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv:
- NO101N: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
- NO102N: Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
- NO103N: Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
- NO104N: Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.
Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.
| Emne | 2026 H | 2027 V | 2027 H | 2028 V |
|---|---|---|---|---|
Heiltidsstudenten vel to emne i kvart semester, deltidsstudenten vel eitt emne i kvart semester | 15 | 15 | 15 | 15 |
| 15 | 15 | |||
| 15 | 15 | |||
| 15 | 15 | |||
| 15 | 15 | |||
| Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Det er ikkje knytt praksis til studiet.


